Årets verksemd

Gjennom prisen “Årets verksemd” ynskjer kommunen å løfte fram og heidre dei som vågar å satse, skape og bygge noko nytt. 

Prisen skal gå til ei bedrift som er i etableringsfasen, tidleg vekstfase eller som har skapt ny aktivitet i ei eksisterande verksemd. Intensjonen med prisen er å anerkjenne det viktige arbeidet desse verksemdene legg ned for å skape verdiar, arbeidsplassar og utvikling i lokalsamfunnet.

"Årets verksemd" er ikkje berre ei påskjøning, men ei oppmoding til heile næringslivet om å sjå moglegheiter, finne nye løysingar og bidra til vekst og utvikling i Gloppen. Prisen er ein del av kommunen sitt mål om å støtte opp om eit framtidsretta og berekraftig næringsliv der nyetableringar og vekstkraft har ein sentral plass.

Med dette ynskjer vi å feire dei nye kreftene i næringslivet og inspirere fleire til å satse på Gloppen

Prisen kan delast ut annankvart år - fyrste tildeling var i 2024. 

Administrasjonen og utdelinga av prisen er lagd til Formannskapet. Her kan du sjå retningslinjene for prisen  

Kven har motteke prisen tidlegare?

Årets verksemd - tildeling av pris
ÅrTildelt
2024Gardsbrenneriet