Vedteke av: Formannskapet
Dato: 29.01.2025
Sak: 12/25
Gjennom prisen “Årets verksemd” ynskjer kommunen å løfte fram og heidre dei som vågar å satse, skape og bygge noko nytt.
Prisen skal gå til ei bedrift som er i etableringsfasen, tidleg vekstfase eller som har skapt ny aktivitet i ei eksisterande verksemd. Intensjonen med prisen er å anerkjenne det viktige arbeidet desse verksemdene legg ned for å skape verdiar, arbeidsplassar og utvikling i lokalsamfunnet. Vi veit at oppstart og vekst kan vere krevjande, og gjennom denne prisen vil vi gi motivasjon og inspirasjon til dei som legg ned ekstraordinær innsats for å lykkast.
"Årets verksemd" er ikkje berre ei påskjøning, men ei oppmoding til heile næringslivet om å sjå moglegheiter, finne nye løysingar og bidra til vekst og utvikling i Gloppen. Prisen er ein del av kommunen sitt mål om å støtte opp om eit framtidsretta og berekraftig næringsliv der nyetableringar og vekstkraft har ein sentral plass.
Med dette ynskjer vi å feire dei nye kreftene i næringslivet og inspirere fleire til å satse på Gloppen
5 kriterier for tildeling av prisen «Årets verksemd»
Innovasjon og nytenking
Verksemda har vist evne til å tenkje nytt, utvikle innovative løysingar eller skape nye produkt, tenester eller forretningsmodellar.
Skaping av nye arbeidsplassar, aktivitet og/eller tryggja eksisterande arbeidsplassar
Verksemda har bidrege til å skape nye arbeidsplassar eller auka aktivitet, som styrkar lokalsamfunnet og næringslivet i Gloppen.
Haldbar vekst og økonomisk utvikling
Verksemda har oppnådd positiv vekst og økonomisk framgang, samstundes som dei tek omsyn til berekraftige løysingar og langsiktig utvikling.
Engasjement og påverknad i lokalsamfunnet
Verksemda har vist aktiv deltaking i lokalsamfunnet, styrka samarbeid mellom aktørar og vore ei førebilete for andre næringsdrivande.
Evne til å inspirere og motivere
Verksemda har vist styrke, pågangsmot og evne til å inspirere andre til å satse, samt vore ein motivator for vidare utvikling i næringslivet.
Jury
Juryen får mandat til å plukke ut vinnaren av prisen «Årets verksemd». Juryen er sett saman av:
- Gloppen Næringsorganisasjon ved dagleg leiar
- Gloppen kommune ved varaordførar
- Gloppen kommune ved næringssjef
Aktuelle kandidatar
Det vert kunngjort ein frist for å kome med innspel til juryen om aktuelle kandidatar. Desse innspela går kun til juryen og vert ein del av deira arbeid.
Annankvart år
Prisen til Årets verksemd kan delast ut annankvart år. Fyrste tildeling var i 2024.
Vinnaren av prisen vert offentleggjort, får tildelt diplom eller tilsvarande, og ei høveleg gåve.