Før du kan søke om fast sals-/skjenkeløyve, må to personar ved serveringsverksemda ta kunnskapsprøva i alkohollova - salsløyve/skjenkeløyve. Prøva må vere fullført og bestått av begge!
Du kan ta prøva på nytt heilt til du består, men du må betale eit gebyr for kvar prøve du tek.
Ring Gloppen kommune sitt servicetorg - 57 88 38 00 - for å avtale tid for å ta prøva.
Lærebøker/nettbaserte testar kan du kjøpe på vinn.no.
Praktiske opplysningar
- Kunnskapsprøva er ei elektronisk fleivalsprøve
- Prøva tek du ved den som gjev løyve - Gloppen kommune
- Tid du har på å ta prøva er 60 minutt
- 24 av 30 svar må vere korrekte
- Tillatt hjelpemiddel er lovsamling og ordbok
Meir informasjon om kunnskapsprøva finn du også på helsedirektoratet.no.