Det er tre typar eingangsløyver
- Salsløyve, enkelthøve
- Skjenkeløyve enkelthøve - for opne arrangement
- Ambulerande skjenkeløyve - for lukka arrangement (berre til slutta lag - sjå info lenger nede)
Salsløyve for eit enkelt høve
Det kan innvilgast salsløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 (øl/cider/rusbrus) for eit enkelt arrangement som ikkje er omfatta av eit fast salsløyve, og som strekker seg over ein periode på inntil 7 dagar samanhengande, etter ein heilheitsvurdering av type arrangement, beliggenheit, målgruppe og fastsett program. Ved større arrangement skal uttale hentast frå politi.
Sjå Alkohollova § 1-6. Bevillingsperioden
Skjenkeløyve for eit enkelt høve
Skal du skjenke alkohol mot betaling ved eit ope arrangement må du søke om skjenkeløyve.
Du må søke skjenkeløyve for eit enkelt høve om du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale som ikkje har fast skjenkeløyve eller utandørs på avgrensa/innegjerda område.
Løyvet gjeld for ein enkelt gong, men kan gjelde inntil 7 dagar samanhengande.
Døme på slike arrangement er: Bygdakveldar, revyar, quizkveldar, konsertar og festivalar som er opne for alle.
Løyvet kan berre omfatte øl og vin.
Krav som må vere oppfylt
Løyvesøkjar må ha fylt 20 år
Styrar og vara må vere over 20 år
Sjå § 1-7c i alkohollova
Ambulerande skjenkeløyve
Kommunen har to ambulerande løyve. Løyva kan berre gjevast til slutta lag. Sjå § 4-5 i alkohollova, og Helsedirektoratet sin kommentar.
Slutta lag er ei samling med inviterte namngjevne gjester. Gjestene må ha ein eller annan tilknyting til dei som inviterer til samlinga. Arrangementet er ikkje tilgjengeleg for utanforståande, heller ikkje med påmelding! Døme på slutta lag er bryllaup, konfirmasjon, private jubileum eller firmafest.
Løyvet kan omfatte både øl, vin og brennevin.
Krav som må vere oppfylt
Løyvesøkjar må ha fylt 20 år
Styrar og vara må vere over 20 år
Sjå § 1-7c i alkohollova
Slik søker du eingangsløyve
NB! Søk i god tid før arrangementet finn stad! Seinast to veker før arrangementsdato og fleire veker før det på sommaren pga. ferie.
Skjenkeløyve
Salsløyve
Kva kostar tenesta?
Prisen finn du under avgift og prisar