Motorferdsel

Motorferdsel i utmark og vassdrag er som hovudregel forbode, dette for å verne om naturen og miljøet.

Motorferdsellova opnar likevel for motorferdsel og landingsløyve for helikopter til visse føremål. Kommunen kan difor gje løyve til køyring for nyttetransport etter søknad.  Det er ikkje høve til å gi løyve til turkøyring.

Slik søkjer du

Du søker elektronisk om løyve til motorferdsel i utmark eller landingsløyve for helikopter. 

  • Søk i god tid. Handsamingstid kan vere lang avh. av type søknad.
  • Beskriv detaljert - dette kan gjere at søknaden vert handsama raskare
  • Legg ved kart som viser planlagd køyrerute
  • Ver obs på at fredsel i verneområde krev søknad både til kommune og til verneområdestyre. Sjekk heimeside til relevant verneområde.

Gå til søknad om motorfedsel   (Sikker pålogging)

Gå til veiledning til søknadskjema her

Behandling av søknad

Vi gjer merksam på at kommunen ikkje har plikt til å innvilge søknadar om motorferdsel, men kan gje løyve etter ei konkret vurdering av kvar enkelt søknad

Kontaktperson i Gloppen

Utmarksforvaltar, Lindis Bergland Østgård, tlf 48 18 91 12 eller

rådgjevar, Karoline Aldis Bjerkeset, tlf  97 99 10 49