Løyve til ervervsløyve - for køyring med skuter i utmark

Gloppen kommune har tildelt 6 løyver til leigekøyring (ervervsløyve). Desse kan ta på seg transportoppdrag med snøskuter i utmark. 

Løyvene gjeld perioden 1. desember 2023-30. april 2028. 

Erverkøyrarar med løyve

Ervervkøyring med skuter i utmark
OmrådeErvervkøyrar kontaktpersonTelefon
Heile GloppenKurt Fossheim41 22 10 76
Heile GloppenGloppen Røde Kors v/ Ola Apalset41 41 25 20
UtvikfjelletBreimsbygda skisenter v/ Runar S. Kleppe90 12 47 01
JardalenMardal Skuterdrift v/ Svein Ove Langeteig95 12 75 45
HyenHyen Røde Kors v/ Ola Henning Ommedal97 75 24 15
Kleivane/NordstrandsfjellaFjellhug Veriede IL v/ Magnar Solheim91 72 04 39

Kva er ervervskøyring, kva kan det brukast til?

Ervervskøyring kan nyttast for køyring som har heimel i forskrifta § 3. Dette inkluderer til dømes transport til bygging i samsvar med byggeløyve og oppkøyring av skiløyper. Ut over det som allereie er tillate etter § 3 i forskrifta kan følgande føremål føretakast av ervervskøyring, jamfør § 5 første ledd bokstav a i forskrifta:
-    Transport mellom bilveg og hytte.
-    Tilsyn med privat hytte etter oppdrag frå eigar.
-    Transport for massemedia på reportasjeoppdrag.
-    Transport av menneske med nedsett funksjonsevne.
-    Transport av ved.
-    Transport etter dispensasjon i medhald av nasjonal forskrift § 6 om unntakstilfelle (transport etter denne paragrafen treng avklaring frå kommunen).

Løyvet kan ikkje nyttast til tur- eller rekreasjonskøyring.