Sjø
På sjøen er det fri ferdsel med båt for alle. Det er også fri ferdsel på islagt sjø.
Vassdrag
Ferdsel på vassdrag vert regulert av vannressurslova og slår fast, at alle kan ferdast utan motor på eit vassdrag.
Ein har lov til å trekke båten i land på strandstrekningar for kortare tid. Bruk av privat kai eller brygge krev løyve frå eigar.
Spesielt for Gloppen
I Bukta fuglefredingsområde er det forbod mot å bruke motorbåtar, modellbåtar, seglbåtar og seglbrett f.o.m. 1. september t.o.m. 30. april.