Kulturmidlar til festivalar

Teknisk, miljø og kulturutvalet tildelte kulturmidlar til festivalar i Gloppen på møte 9. mars 2023.

Det var sett av kr 300 000 i budsjettet til fordeling til festivalstøtte.  Politikarane vedtok følgjande fordeling:

Festivalstøtte
Festival Tildeling
Norsk Countrytreff kr 120 000
Gloppen Musikkfest kr 75 000
Ose Kammerspel kr 25 000
Glopperock kr 40 000
Fjordblues kr 40 000
Sandanedagane kr 0
Matamål kr 0
Norsk Storbiltreff kr 0
4H Sogn og Fjordane kr 0

Det var vektlagt at festivalane som fekk støtte, bidrog til utvikling av kulturtilbodet i Gloppen.  Til dei som fekk avslag, vart det vist til at dette ikkje var arrangement som kom inn under kriteriane for festivalstøtte, men at dei kunne søke om midlar som var sett av til særskilte kulturarrangement.

Dei som fekk midlar frå denne budsjettpotten var:

særskilt kulturtiltak
Kulturarrangement Tildeling
Sandanedagane kr 15 000
Norsk Storbiltreff kr 15 000
4H Sogn og Fjordane - fylkesleir i Breim kr 10 000