Musikkbingen

Musikkbingen i Gloppen står mellom Trivselshallen og Gloppen ungdomsskule.  Det er Gloppen kommune som eig musikkbingen, og som også administrerar bruken av den. 

Kven kan bruke bingen?

Ungdom og band med medlemmar frå 13-19 år

Andre personar over 19 år, etter avtale

Kva er inne i bingen?

Trommesett, songsett, gitar, bass, forsterkar og keyboard. 

Medlemskap i Musikkbingen

All bruk av bingen på eiga hand krev medlemskap, og du må søkje for å bli godkjent som brukar. 

Last ned søknadskjema her (PDF, 126 kB)

Er du under 18 år må du ha signatur frå føresette. 

Kva kostar det?

18 år og yngre: Gratis

Vaksne over 19 år må avtale pris med kultulturhusleiar i Trivselshagen. 

Opningstider

Kvardagar kl 14-21

Helgar kl 12-17

Uthenting og innlevering av nøkkel

Du hentar nøkkel til bingen på biblioteket i deira opningstider.  Dei vil ha oversikt over kven som er medlem i musikkbingen, og du kan nytte lånekortet ditt til å få utlevert nøkkelen. 

Nøkkelen skal leverast innatt same kveld, enten til personalet på biblioteket, eller i bokkassa. 

Reglar

  • Ta av sko i gangen!
  • Mat og drikke er ikkje tillate i musikkbingen - kun vatn
  • Har du boss - ta det med heim!
  • Musikkbingen er røyk- og rusfri, dette gjeld også utanfor bingen.
  • Uforsvarleg bruk, dvs bruk som medfører skade eller stor slitasje på utstyr medfører erstatningskrav
  • Før du går - rydd opp, og gå frå lokalet slik du sjølv ynskjer å finne det.
  • Lås, og lever nøkkelen. 
  • Har du vore uheldig og øydelagt noko må du gje beskjed

Kontaktperson

Ola Tarjei Kroken
Kulturhusleiar Trivselsehagen
Mobil: 91 33 68 62
E-post: ola.tarjei.kroken@gloppen.kommune.no

Eller

Bjarne Iestra
Mobil: 90 53 51 70
E-post: bjarne.iestra@gloppen.kommune.no

Musikkbingen er ei gåve til unge musikarar – det er ditt ansvar å ta vare på den!