Illustrasjon Eidegarden
Arkikon
Gloppen er rik på spennande fornminne. I 1889 var det utgravd ein høvdinggrav framme på Ulvesbakken. Her var det gjort funn av tekstilar, våpen, myntar og tankeringen. Grava er beskrive som den rikaste mannsgrava på Vestlandet. Sidan denne grava på Ulvesbakken er frå same tidsperiode som Eidegarden, meiner arkeologane at det er naturleg å sjå desse gravfunna i ein samanheng, og at det er Eidehøvdingen som er gravlagt på Ulvesbakken.
Funna både frå garden og frå grava, viser at Eidehøvdingen har vore ein mann med makt både økonomisk, militært, sosialt og religiøst.
Illustrasjon av Eidehøvdingen
Arkikon
Status for Eidegarden
2005: Prosjektrapport (PDF, 3 MB) om rekonstruksjon av Eidegarden levert til kommunestyret
2005: Kommunestyret gjorde vedtak om at det skulle jobbast vidare med rekonstruksjon basert på ekstern finansiering.
2012: Området vert regulert til kulturminnepark
2019: Kulturminneplan for Gloppen vedteke.
2024: Fase I av utvikling av Eidegarden fullført. Området er planert, plassering av husa er markert og det er sett opp informasjonstavler.
2025: Fase II som ser på muleg rekonstruksjon under oppstart. Arbeidsgruppe nedsett.