Parkeringsløyve for rørslehemma

Parkeringsløyve blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for parkeringslette knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet.

Målgruppe

Personar som ikkje kan gå eller som har store vanskar med å gå over ei viss lengd.  

Med parkeringsløyve kan du parkere på:

  • parkeringsplassar for rørslehemma
  • offentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift utover tidsavgrensning 

Korleis få tenesta? 

Søknadskjema og legeerklæring skal sendast til kommunen. Dersom du søkjer som førar av motorvogna må vi ha kopi av gyldig førarkort.

Søknadskjemet er elektonisk, og du loggar inn med sikker pålogging/ID porten. Dei fleste av felta i skjemaet er obligatoriske, og du må fylle ut alle nødvendige felt for å gå vidare, og for å sende skjemaet inn. Du kan fylle ut skjemaet for deg sjølv, eller for andre (barn/prørande)

Dersom du får positivt svar på søknaden din skal det lagast eit parkeringskort med bilete av deg som bevis for at du er godkjend som brukar.  Vi tek kontakt og etterspør passfoto om behov. Dette må sendast/leverast til servicetorget på heradshuset. 

Varigheit

Tildeling vil bli gjeve for 2-5 år.

Når parkeringsløyvet ditt har gått ut på dato, må du søkje på nytt!

Pris

Tenesta er gratis

Søknadskjema finn du her
 

Digital søknad, logg inn med ID-porten
 

Klage

Avslag på søknad om parkeringsløyve kan påklagast til kommunestyret. 

Forskrift og retningslinjer

Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede

Kommunale retningslinjer for tildeling av parkeringsløyve