Psykisk Helseteneste

Tenesta er eit hjelpetilbod til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg.

Det kan vere akutte kriser, vanskelege livssituasjonar, langvarige psykiske lidingar eller andre udefinerte grunnar som gjer at ein treng psykisk helsehjelp.

Tenesta yt hjelp ut i frå kvar enkelt pasient sine behov, ressursar og mål og arbeidet skal fremje god livskvalitet, sjølvstende og meistring av eige liv.

Kva kan vi tilby?

  •  informasjon, råd eller rettleiing i forhold til psykisk helse og behandling
  •  kartlegging av situasjonen
  •  individuelle samtaler
  •  samtaler med pårørande
  •  hjelp til å organisere kvardagen
  •  hjelp til samarbeid med andre instansar
  •  dagtilbod 
  •  støttekontaktordning
  •  Hukommelseteam

Kva kostar det?

Det er kostnadsfritt å få oppfølging frå Psykisk Helseteneste

Korleis kan eg få hjelp?

Du treng ikkje tilvising frå lege. Du kan ta kontakt direkte, eller få hjelp til kontakt gjennom andre tenester.

Du kan og nytte deg av eige søknadsskjema, så tek vi kontakt med deg.

Søk digitalt med pålogging via ID-porten

Ta kontakt

Ring gjerne til servicetorget på tlf. 57 88 38 00, så set vi deg over til psykisk helseteneste.

Leiar for tenesta er Synnøve Grov - tlf. 97 70 68 75.

 

Akutt behov for hjelp?

Psykisk helseteneste er ikkje ei akuttteneste, og er heller ikkje bemanna på kveld og helg. Dersom det er behov for akutthelsehjelp er det legevakt som er rette instans.

Bruk nasjonale hjelpetenester, døgnopne hjelpetelefonar, sms og chat