Elevar kan levere eigenmelding for fråvær av helsegrunnar opp til fråværsgrensa på ti prosent. Når elevane har nådd grensa på ti prosent fråvær i eit fag (ved helserelatert og udokumentert fravær sammenlagt), må dei dokumentere ytterligare helserelatert fråvær med dokumentasjon fra helsepersonell.
Utdanningforbundet legg til rette for at ein brukar løysingar som liknar meir på arbeidslivet sine ordningar med eigenmeldingar framfor at elevar må oppsøke lege for å dokumentere fråvær tidleg.
Med dei nye reglane skal det ikkje lenger være mogleg å unnta legemeldt fravær frå fraværsgrensa før elevane når 10 prosent fravær. I staden må elevar og foreldre skrive eigenmelding. Først når fråværet når 10 prosent i eit fag, skal eleven levere legeerklæring og få fråværet unnateke fråværsgrensa.
Elevar som går på vidaregåande skule og har fastlege på Gloppen legesenter kan ved sjukdom ta kontakt for legeerklæring når fråværet overstig 10% (kan verte bedt om dokumentasjon på dette). Eleven må ringe sjølv på morgonen seinast klokka 10 på fyrste sjukedag. Dette fordi vi skal kunne gjere ei vurdering av helsetilstanden, gje råd og eventuelt avklare om eleven treng øyeblikkeleg hjelp time same dag. Om ein ringer seinare på dagen vil vi ikkje godkjenne fråværet denne dagen.
Vi kan skrive ut inntil to erklæringar, eleven må ha legetime ved 3. henvending. Fastlegane vil ha eleven inn når ein har så mykje fråvær for å vurdere helsetilstand.
Ved kronisk sjukdom som medfører mykje fråvær kan eleven få legeerklæring som gjeld denne sjukdomen.
Pris
Det kostar 200 kroner for ei legeerklæring utan legetime.
Meir informasjon
Utdanningsdirektoratet, Rundskriv om fråværsgrensa
Lovdata, Opplæringsforskrifta §9-8