Spørsmål og svar frå legesenteretNokre vanlege spørsmål og tilhøyrande svar: KontaktinformasjonKontaktinformasjon om Gloppen legesenter finn du herOpningstid Opningstid ved legesenteretOpningstid på laboratoriet, eventuelt ta kontakt med legesenteret på tlf. 57 88 44 40 E-konsultasjonarDu kan legge inn ynskje om e-konsultasjon gjennom HelseNorge. Fastlegen din vil vurdere om spørsmålet ditt kan handterast utan legetime. NB! Svarfrist på e-konsultasjonar er 5 virkedagar - dette må difor ikkje brukast til akutte ting!Pris for e-konsultasjon føl helfo-takstVideokonsultasjonarDet er opna for bruk av videokonsultasjon. Fastlegen avgjer når tid dette kan nyttast. Egenandel - kven slepp betale?Dei fleste må betale ein eigenandel når dei har time hos lege/fastlege,. Sjå satsar her.UnntakDei som har frikort (nokre kostnadar kan kome til; materiell, bandasje osv) Barn under 16 årHelsehjelp til godkjent yrkesskade Soldatar i fyrstegongstenesteGravide på svangerskapskontrollFyrste legeunderøking for personar som søker akutt hjelp etter å ha blitt utsett for vald i nære relasjonar og/eller seksuelle overgrepPersonar som har allmannfarlege smittsomme sjukdomar, eller ved mistanke om slik sjukdomBetale for legetime - mobilbetalingsguideEtter ein legetime kan du velge å betale for timen ved å bruke betalingsautomaten som står på legesenteret. Du kan også betale via sms som du får tilsendt automatisk dersom du ikkje betalar i automaten. Sjå bruksanvisning for mobilbetaling her (PDF, 777 kB)Dersom du ikkje betalar innan 48 timar, vil faktura bli utsendt, med gebyr på 10 kroner. Svar på blodprøver/røntgen/undersøkingarLegane skal informere om korleis du skal få svar på prøvene/undersøkingane dine. Før du går frå din time skal du ha ein avtale med legen din korleis du får svar, etterspør gjerne dette sjølv om det ikkje vert avtala. Ved røntgen/MR/andre undersøkingar kan du verte oppfordra til å bestille ein legetime ei veke etter at undersøkinga er gjennomført, då føreligg som regel svaret. Denne timen kan det vere lurt å bestille når du får innkallinga, og veit kortid du skal undersøkast. Dersom du ventar kan det ofte vere venting på legetime og det tek såleis tid til du får svar.Nokre undersøkingar krev ny time for svar fordi legen ynskjer å forklare eller legge ein plan etter at svaret foreligg. Levering av prøverDersom du skal levere urinprøver eller andre prøver til laboratoriet må du ha ein avtale eller rekvisisjon på at du skal ta undersøkinga. Om du har avtale/rekvisisjon, trekk kølapp på laboratoriet og lever prøven der. Utskrift av journalDu kan få utskrift av journalen din. Du må fyrst fylle ut eit fullmaktskjema - som du deretter må levere /sende inn til legekontoret. Ver obs på at det kan ta nokre dagar før journalen er klar for deg. Last ned skjema for fullmakt her (PDF, 185 kB) (papirskjema, må printast ut før utfylling)ReseptbestillingGå til informasjon om reseptbestilling her SjukefråværDersom du vert sjuk har du inntil 8 eigenmeldingdagar du kan nytte før du treng sjukmelding. Dersom du er sjukmeld over lenger tid kan det vere lurt å avtale neste time medan du er med legen. Dersom du ventar til sjukmeldinga er gått ut med å bestille ny time kan det vere lang ventetid. Stingfjerning /rekvirert øreskyllDette vert utført på laboratoriet frå kl. 14:00 -Trekk kølapp på venterommetSting:Obs. Vi utfører ikke stingfjerning på augelokk. Øyreskyll:Lege skal ha undersøkt øyrene først og pasient må ha dryppa øyrene med olje i 3-4 dager før skyll. VentetidVi veit at det enkelte dagar kan vere litt ventetid på legesenteret. Dette er blant anna fordi vi er eit legesenter med legevakt heile døgnet. Alle legane har akuttimar kvar dag, desse kan føre til forskyvingar av dei ordinære førehandsbestilte timane. Akutt sjuke pasientar har prioritet. Vi beklagar at dette skjer, men vi klarar ikkje forutsjå kva som kan oppstå i løpet av ein dag. Om du har venta meir enn 30 minutt- ta kontakt i resepsjonen.VaksineringGå til informasjon om vaksinering her Skal du ta blodprøver?Alle blodprøver må vere rekvirerte av lege. Ønskjer du kontroll av noko som ikkje er avtalt med legen må du fyrst bestille time.Er det etter avtale med lege/personell v/Gloppen legesenter?Møt for blodprøvetaking innafor laboratoriet sine opningstider Har du fått med utskrift av prøvetakingsetikettar eller rekvisisjon må du ta desse med og levere dei på laboratorietHar du fått utlevert/tilsendt papirrekvisisjon eller utskrift av prøvetakingsetikettar frå sjukehus eller annan legepraksis? Møt for blodprøvetaking innafor laboratoriet sine opningstider Ta med alle utskriftene då dei inneheld informasjonen om kva prøver som skal takast Papira skal følgje prøvene så om du har du mottatt rekvisisjon digitalt må du skrive denne ut på papir før oppmøteHar du fått innkalling til konsultasjon eller undersøking ved sjukehus med beskjed om å ta prøver hos fastlegen i forkant?Skal du til CT eller MR, og beskjeden er å ta kontroll av nyrefunksjon i forkant? Møt for blodprøvetaking innafor laboratoriet sine opningstider Ta med heile innkallinga di og vis oss denne. Vi har behov å lese informasjonen som står der.For alle andre prøver/kontrollar Ver vennleg å kontakt sjukehus og be dei sende deg skriftleg rekvisisjon Dersom dei meiner fastlege skal rekvirere prøvene må du bestille legetime for vurdering av kva prøver som skal takastFekk du beskjed om å ta prøver hos fastlegen etter konsultasjon eller utskriving frå sjukehus? Ver vennleg å kontakt sjukehus og be dei sende deg skriftleg rekvisisjon Dersom dei meiner fastlege skal rekvirere prøvene må du bestille legetime for vurdering av kva prøver som skal takastTreng du tolk i legetimen?Har du behov for tolk under ein konsultasjon, ta kontakt med resepsjonen ved timebestilling. Barn kan ikkje nyttast som tolk. Vi bestiller tolk ved behov. Dersom du bestiller time digitalt, må du ringe resepsjonen for å bestille tolk. Publisert 13.06.2024 11.17