Spørsmål og svar frå legesenteretNokre vanlege spørsmål og tilhøyrande svar: Kontaktinformasjon Kontaktinformasjon om Gloppen legesenter finn du her Opningstid Her finn du opningstid på legesenterFor info om opningstid på laboratoriet, ta kontakt med legesenteret på tlf. 57 88 44 40 E-konsultasjonar Dei fleste av legane ved legesenteret nyttar ikkje e-konsultasjonar. Grunnen til dette er blant anna at ein tenkjer at ein vil sjå pasienten fordi dette er ein del av symptombildet ein skal vurdere. Videokonsultasjonar Vert ikkje nytta Betale for legetime - mobilbetalingsguide Etter ein legetime kan du velge å betale for timen ved å bruke betalingsautomaten som står på legesenteret. Du kan også betale via sms som du får tilsendt automatisk dersom du ikkje betalar i automaten. Sjå bruksanvisning for mobilbetaling her (PDF, 777 kB)Dersom du ikkje betalar innan 48 timar, vil faktura bli utsendt, med gebyr på 10 kroner. Svar på blodprøver/røntgen/undersøkingar Legane skal informere om korleis du skal få svar på prøvene/undersøkingane dine. Før du går frå din time skal du ha ein avtale med legen din korleis du får svar, etterspør gjerne dette sjølv om det ikkje vert avtala. Ved røntgen/MR/andre undersøkingar kan du verte oppfordra til å bestille ein legetime ei veke etter at undersøkinga er gjennomført, då føreligg som regel svaret. Denne timen kan det vere lurt å bestille når du får innkallinga, og veit kortid du skal undersøkast. Dersom du ventar kan det ofte vere venting på legetime og det tek såleis tid til du får svar.Nokre undersøkingar krev ny time for svar fordi legen ynskjer å forklare eller legge ein plan etter at svaret foreligg. Levering av prøver Dersom du skal levere urinprøver eller andre prøver til laboratoriet må du ha ein avtale eller rekvisisjon på at du skal ta undersøkinga. Om du har avtale/rekvisisjon, trekk kølapp på laboratoriet og lever prøven der. Utskrift av journal Du kan få utskrift av journalen din.Avtal med resepsjonen, ver obs på at det kan ta nokre dagar før journalen er klar for deg. Reseptbestilling Det kan vere lurt å vere tidleg ute å fornye reseptar. Det er inntil 3 virkedagar behandlingstid av reseptar. Hugs å sjekke om resept er gyldig før du er heilt tom for medisinen. Bruk gjerne reseptbestilling inne på Pasientsky-appen. Logg deg inn og velg Gloppen legesenter- velg deretter «Alle tenester». Her får du opp alternativet «fornyelse av resept» Skriv kva preparat det gjeld og kva styrke du brukar. Dette gjeld berre for medisin du allereie brukar, ikkje for ny medisin. Nokre gongar kan du verte bedt om å bestille time for å få ny resept. Legen ynskjer då å snakke med deg, ta prøver e.l før du fortset med medisinen. Gloppen legesenter brukar per i dag ikkje Helsenorge som plattform og du kan difor ikkje nytte reseptbestilling der. Andre helseforetak brukar denne portalen, så du finn gjerne informasjon frå Helse Førde med fleire på denne sida. Sjukmelding Dersom du er sjukmeld over lenger tid kan det vere lurt å avtale neste time medan du er med legen. Dersom du ventar til sjukmeldinga er gått ut med å bestille ny time kan det vere lang ventetid. Stingfjerning /rekvirert øreskyll Dette vert utført på laboratoriet etter kl 14. Trekk kølapp på venterommet. Ventetid Vi veit at det enkelte dagar kan vere litt ventetid på legesenteret. Dette er blant anna fordi vi er eit legesenter med legevakt heile døgnet. Alle legane har akuttimar kvar dag, desse kan føre til forskyvingar av dei ordinære førehandsbestilte timane. Akutt sjuke pasientar har prioritet. Vi beklagar at dette skjer, men vi klarar ikkje forutsjå kva som kan oppstå i løpet av ein dag. Om du har venta meir enn 30 minutt- ta kontakt i resepsjonen. Vaksinering Kikhoste og Pneumokokk (lungebetennelse)Når det gjeld vaksine mot kikhoste og pneumokokkar må du sjølv bestille deg time med fastlegen din for vurdering. Du kan også sjekke din eigen vaksinestatus med å logge deg inn på vaksinetenesta til helsenorge.no Reisevaksine / injeksjonarReseptar vert skrive ut på legetime. Du må sjølv hente medikamenta på apoteket. Henvend deg i resepsjonen for vaksinering, helst på kvardagar mellom kl 10-12, eller seinast kl 1430. Dette på grunn av observasjonstid i etterkant av vaksina. Du må pårekne å vente 20 min. SKal du ta blodprøver? Alle blodprøver må vere rekvirerte av lege. Ønskjer du kontroll av noko som ikkje er avtalt med legen må du fyrst bestille time.Er det etter avtale med lege/personell v/Gloppen legesenter?Møt for blodprøvetaking innafor laboratoriet sine opningstider Har du fått med utskrift av prøvetakingsetikettar eller rekvisisjon må du ta desse med og levere dei på laboratorietHar du fått utlevert/tilsendt papirrekvisisjon eller utskrift av prøvetakingsetikettar frå sjukehus eller annan legepraksis? Møt for blodprøvetaking innafor laboratoriet sine opningstider Ta med alle utskriftene då dei inneheld informasjonen om kva prøver som skal takast Papira skal følgje prøvene så om du har du mottatt rekvisisjon digitalt må du skrive denne ut på papir før oppmøteHar du fått innkalling til konsultasjon eller undersøking ved sjukehus med beskjed om å ta prøver hos fastlegen i forkant?Skal du til CT eller MR, og beskjeden er å ta kontroll av nyrefunksjon i forkant? Møt for blodprøvetaking innafor laboratoriet sine opningstider Ta med heile innkallinga di og vis oss denne. Vi har behov å lese informasjonen som står der.For alle andre prøver/kontrollar Ver vennleg å kontakt sjukehus og be dei sende deg skriftleg rekvisisjon Dersom dei meiner fastlege skal rekvirere prøvene må du bestille legetime for vurdering av kva prøver som skal takastFekk du beskjed om å ta prøver hos fastlegen etter konsultasjon eller utskriving frå sjukehus? Ver vennleg å kontakt sjukehus og be dei sende deg skriftleg rekvisisjon Dersom dei meiner fastlege skal rekvirere prøvene må du bestille legetime for vurdering av kva prøver som skal takast Treng du tolk i legetimen? Har du behov for tolk under ein konsultasjon, ta kontakt med resepsjonen ved timebestilling. Barn kan ikkje nyttast som tolk. Vi bestiller tolk ved behov. Publisert 13.06.2024 11.17