Kreftomsorg i Gloppen kommune

For å sikre tryggleik og føreseielege forhold for deg som har fått ein kreftdiagnose, kan du få  hjelp og oppfølging av helsepersonell med kompetanse og erfaring med denne pasientgruppa. Gloppen kommune har sjukepleiarar og ressurspersonar innan kreftomsorg og palliasjon som har sitt daglege arbeid i ulike tenester i Gloppen kommune.

Kva kan vi tilby?

Du kan få tilbod om ein samtale for å kartleggje behova dine og kva oppfølging ut over sjølve kreftbehandlinga du har. Dette kan vi vere til hjelp med:

  • Ernæring og kosthald
  • Støtte for å handtere kjenslemessige utfordringar
  • Veiledning om fysisk aktivitet
  • Familiesituasjon og nettverk 
  • Hjelp til auka fokus på livskvalitet og god helse
  • Meistring av livssituasjonen din
     

Temakafé for kreftråka, pårørande og etterlatne 

Er støtta av kreftforeningen og er eit samarbeid mellom frivillege helsetenesta. Program og datoar for temakafeen finn du her.

Psykisk Helseteneste 

Er eit hjelpetilbod til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskelege livssituasjonar eller andre årsaker som gjer at ein treng psykisk helsehjelp. Meir informasjon om psykisk helse finn du her.

Korleis få hjelp?

Du treng ikkje henvisning. Du kan ta kontakt direkte, eller få hjelp til kontakt gjennom andre tenester. Du kan også få andre til å ta kontakt på dine vegner, til dømes fastlegen din eller nokon frå sjukehuset.

Du kan og nytte deg av eige søknadsskjema, så tek vi kontakt med deg.

Søknadskjema

Kontaktinformasjon 

Sakshandsamar helse og velferd; 99 09 94 95 / 94 16 85 63