Behandling av korona med tablettar - Paxlovid

Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan Paxlovid redusere risikoen for å bli alvorleg sjuk når behandlinga startar innan 5 dagar frå symptomdebut.

Kven treng teste seg?

Du skal kun teste deg for korona dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftvegssymptom. Det er ikkje ei anbefaling om at andre skal teste seg.

Kven vil ha nytte av tablettar?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:

  • Dei som har alvorleg immunsvikt. Til dømes dei med beinmargskreft eller lymfekreft og som får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Dei over 65 år som ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom.
  • Alle som er over 80 år.

Kva skal du gjere viss du har høg risiko og får luftvegssymptom?

Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjere viss du blir sjuk finn du på Helsenorge

Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du og feber eller vondt i hovudet.

Får du luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.

Viss sjølvtesten viser at du har korona: Kontakt fastlegen i vanleg opningstid. Kontakt legevakt dersom pasienten har så dårleg allmenntilstand at ein normalt sett ville kontakta legevakt. 

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.

Kva gjer fastlegen/vaktlegen?

Kontrollerer at du har positiv korona-test.

Vurderer om du kan få behandlinga på bakgrunn av risiko for alvorleg sjukdom, moglege interaksjonar med andre legemidlar, samt vurdering av nyre og leverfunksjon.

Behandling med Paxlovid vert kun vurdert for vaksne med positiv koronatest og høgste risiko og antatt nytte av behandlinga.

 

10. januar 2023 – Kommuneoverlege Benny Hansen