Ordninga skal vere eit verkemiddel for å førebyggje isolasjon og dermed medverke til å auke livskvaliteten.
Følgjekortet fungerer slik at kortholdaren betaler ordinær billett, men kan ha med seg ein følgjeperson som ikkje treng løyse billett. Kortholdaren vel sjølv kven som skal vere ledsager/følgje, og det treng ikkje vere den same frå gong til gong.
Kven kan søkje?
Ordninga gjeld for personar som har ein sjukdom eller nedsett funksjonsevne (kan vere både psykisk, fysisk og kognitive årsakar) som vil vare minst 2-3 år, og som har vedvarande behov for følgje eller assistanse for å kunne delta i aktivitetar i samfunnet. Det er ingen øvre eller nedre aldergrense.
Diagnose åleine gjev ikkje rett til følgjekort. Det skal gjerast ei individuell vurdering av funksjon og hjelpebehov.
Ved ADHD eller andre nevroutviklingsforstyrringar skal det vurderast om det medfører eit særskilt behov for følgjeperson ved deltaking i aktivitetar.
Kvar gjeld kortet?
Følgjekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller instutisjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Fordi kortet ikkje er akseptert alle stadar, må du sjølv undersøke om kortet vert akseptert på den aktuelle staden.
I Gloppen kommune gjeld følgjekortet alle arrangement i Kulturhuset Trivselshagen Bad og Idrett, samt arrangement der arrangør har motteke stønad frå Gloppen kommune (kulturmidlar/arrangementstøtte).
Gloppen kommune innførte ordninga etter vedtak i kommunestyret 27.09.2004
Kommunale retningslinjer for ledsagerbevis/følgjekort
Sjå dei kommunale retningslinjene
Slik søker du
Digital søknad, logg inn med ID-porten
NB! Det treng ikkje vere søkjar som loggar seg inn. Ein kan fylle ut søknad på vegne av andre.
Kven behandlar søknaden?
Servicetorget behandlar/administrerer ordninga – det vert innhenta uttale frå saksbehandlar i helse- og velferd og/eller oppvekst. Samtykke til dette vert innhenta i søknaden.
Passfoto
Dersom du får positivt svar på søknaden din skal det lagast eit følgekort med bilete av deg som bevis for at du er godkjend som brukar. Vi tek kontakt og etterspør foto om behov. Dette må sendast som bildefil til servicetorget på heradshuset.
Digitalt bevis men også fysisk bevis?
Gloppen kommune tilbyr digitalt ledsagerbevis som du kan laste ned via ein app på telefonen.
Men ved behov kan vi også lage eit fysisk kort, I søknaden spør vi deg kva type kort du ynskjer.
Har du allereie vedtak om ledsagerbevis, men ikkje har fått tilbod om å ta i bruk digitalt kort kan du sende epost til servicetorget@gloppen.kommune.no og leggje fram ynskjet ditt om. Då vil du bli kontakta av saksbehandlar.
Alt du treng å vite om digitalt ledsagerbevis finn du her
Vil du vite meir?
Følgjekort ordninga er administrert frå servicetorget på heradshuset, tlf 57 88 38 00.