Retningslinjer for tildeling av ledsagerbevis/følgjekort i Gloppen kommune

Vedteke av: Kommunestyret

Dato: 27. september 2004, revidert 19. juni 2024

Sak: 66/24

1. Formål

Ordninga med ledsagerbevis skal vere eit verkemiddel for å førebyggje isolasjon og dermed medverke til auka livskvalitet for personar med nedsett funksjonsevne. Ordninga omfattar personar med funksjonsnedsetting som varer minst 2 år. 

Ordninga er vedtatt av kommunestyret i Gloppen og blir administrert av kommunedirektøren*. Den vil vere gyldig i heile landet på deis stadane der slik ordning vert akseptert. 
* i denne retningslinga inneber dette delegering til servicetorget.

2. Funksjonsnedseting

Med funksjonnedsettingmeinast tap eller skade på kropsdel eller kroppsfunksjon.  Dette omfattar både fysisk, psykisk og kognitiv funksjon. 

3. Ledsager

Ledsager er den som bistår person med funksjonsnedsetting. Dette kan variere frå gong til gong. Ledsagerbeviset gjev vanlegvis brukaren rett til å ha med ein ledsager. Dersom behova til brukaren tilseier at det er naudsynt med to som yter bistand kan dette innvilgast.

4. Ledsagerbevis

Eit ledsagerbevis er eit bevis som blir gitt til personar med nedsett funksjonsevne, som har søkt om ordninga og som oppfyller krava for å kunne motta beviset. Ledsagerbeviset kan vere anten digitalt eller eit fysisk kort. 

På beviset skal det gå tydeleg fram kven som er innehavar av kortet. Dette inkluderer bilete av personen, gyldigheitsdato, kva kommune som har innvilga beviset og kor mange ledsagarar personen har rett til å ha med seg. 

Ledsagerbeviset skal gje den som yter bistand til person med funksjonsnedsetting gratis tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmiddel som personen med funksjonsnedsetting ikkje kunne ha delteke i eller nytta utan å ha med ledsager. 

5. Aldersgrense

Det er inga øvre eller nedre aldersgrense for å få tildelt ledsagerbevis dersom behovet er dokumentert. For barn under skulealder, må det dokumenterast at barnet har eit større bistandsbehov enn det som hadde vore tilfelle dersom barnet ikkje hadde funksjonsnedsetting, og at dette fører til ekstrautgifter, samanlikna med barn på same alder som deltek på same type aktivitet. Det betyr at barn med særskilt omfattande assistansebehov vil kunne få tildelt ledsagerbevis allereie frå ung alder. 

Høg alder er åleine ikkje tilstrekkeleg til å kvalifisere for ordninga. For alle aldersgrupper er det eit krav at personen har ei varig funksjonsnedsetting (ref. punkt 1 Formål og punkt 2 Funksjonsnedsetting)

6. Søknad

Personar med nedsett funksjonsevne søker om å få innvilga ledsagerbevis i Gloppen kommune på fastsett skjema. Dette ligg lett tilgjengelig på kommunal nettside. 
Ved behov kan kommunen hente inn uttale frå kommunal helse- og velferdsteneste, fastlege, helsestasjon, psykisk helse og nav om at søkjaren treng følgje. 
Dersom søknaden vert innvilga vil kommunen ta kontakt med søkjar for å få tilsendt passfoto som skal nyttast på beviset. 

7. Periode

Kommunedirektøren vurderer kor lenge kortet skal vere gyldig. Perioden kan anten vere tidsavgrensa eller varig. Det skal stå på kortet kor lenge dette er gyldig. 

8. Bruksområde

Ledsagerbeviset gjev tilgang til aktivitetar, bygningar og transportmiddel m.m. som aksepterer slik ordning. Det offentleg fastsette symbolet bør setjast opp på stader som aksepterer ordninga. Ordninga er landsdekkjande, og kan brukast i alle norske kommunar som har vedteke ordning om ledsagerbevis

9. Klage

Vedtak om å innvilge eller avslå søknad om Ledsagerbevis/følgjekort er eit enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Formannskapet er klageorgan.