Velferdsteknologi kan også fungere som teknologisk støtte til pårørande og elles bidra til betre tilgjenge, ressursutnytting og kvalitet på tenestetilbodet. (NOU 2011:11 «Innovasjon i omsorg»)
Kva tilbyr vi?
Velferdsteknologi er blant anna tryggingsalarm, medisindosett og diverse sensorar for dør, seng o.l.
Kven kan søkje om tenesta?
Tenesta er behovsprøvd og skal tilpassast individuelt.. Tenesta blir tildelt personar som bur eller oppheld seg i kommunen, og som oppfyller kriteria for å få nødvendig helsehjelp. Sakshandsamar utgreier saka, vurderer funksjonsevne og behov for tenester i samarbeid med søkar og pårørande.
Kva kostar det?
Eigendel etter fastsett pris pr. månad. Satsane vert årleg regulert og fastsett av kommunestyret
·Dersom teknologi er tildelt som helseteneste som erstatning for andre tenester, er tenesta betalingsfri.
Slik søkjer du
Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Skriv du kva du treng hjelp til i søknaden.
Gå til søknadskjema helse og omsorgstenester
Har du spørsmål?
Ta kontakt med