Omsorgsstønad

Dersom du har spesielt tyngande omsorgsarbeid og utfører oppgåver som elles kommunen måtte utført, kan du få omsorgsstønad.

Ingen har ein lovfesta rett til omsorgsstønad, men kommunen har plikt til å tilby ordninga.

Omsorgsstønad er pensjonsgjevande og skattepliktig inntekt og vil ofte påvirke berekning av ytingane som NAV betalar ut. 

Kva tilbyr vi?

Omsorgsstønad er ei godtgjørelse for nokre av dei timane du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen.

Omsorgstønad skal ikkje erstatte anna lønn.

Kven kan søkje om tenesta?

  • For å få tildelt omsorgsstønad må kommunen ha vurdert at dette tiltaket er det beste alternativet for den som treng omsorga. 
  • Omsorgsarbeidet må vere nødvendig, i den forstand at brukar må ha eit hjelpebehov som elles må ivaretakast av kommunen. 
  • Det er ingen øvre aldersgrense for å ta imot omsorgsstønad. 
  • Dersom du oppfyller kriteria for både hjelpestønad frå NAV og kommunal omsorgsstønad, skal du bruke hjelpestønad fyrst. Kommunen tek omsyn til hjelpestønad ved tildeling og utmåling av omsorgsstønad. 
  • Kommunen krev at den som søkjer omsorgsstønad har søkt og fått avklart søknad om hjelpestønad eller anna trygdeyting før søknad om omsorgsstønad blir vurdert.

Er stønad inntekt?

Omsorgsstønad er pensjonsgjevande og skattepliktig inntekt, og vil kunne påvirke berekninga dersom ein får ytingar frå NAV

Har du spørsmål?

Ta kontakt med

Sakshandsamar helse
Sakshandsamar E-post Telefon
Anita Lothe E-post til Anita 94 16 85 63
Ane Merete Austrheim E-post til Ane 99 09 94 95