Gloppen kommune har tilbod om matombringing til personar som på grunn av alder, sjukdom eller andre årsaker må ha assistanse til å tilbrede mat.
Kva tilbyr vi?
Middag med dessert frå Gloppen komunale kjøken. Middagane er varierte og næringsrikt samansett. Maten vert levert på døra.
Kven kan søke om tenesta?
Heimebuande som ikkje kan lage middag sjølv.
Kva kostar det?
Gå til prisoversikt
Slik søkjer du
Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Skriv du kva du treng hjelp til i søknaden.
Gå til søknadskjema helse og omsorgstenester
Har du spørsmål?
Ta kontakt med
Publisert 14.02.2023 09.51