Helsesjukepleiar har ansvaret for skulehelsetenesta.
Skulelegen Valborg Gimmestad Mardal er medisinsk ansvarleg for skulehelsetenesta, og er å treffe på Gloppen helsestasjon fredag føremiddag.
Skulehelsetenesta gjev tilbod om
Helseundersøkingar, helseopplysning og rettleiing
Individuelt, i grupper eller klassevis.
- 1. klasse: Skulestartundersøking
- 2. klasse: "Kroppen min eier jeg", undervisningsopplegg om kropp og grenser
- 3. klasse: Livsstil, kosthald, fysisk aktivitet. Vekt og lengde.
- 4. klasse: Psykisk helse
- 5. klasse: Kropp og utvikling
- 6. klasse: Besøk frå senter mot incest og seksuelle overgrep - NOK
- 8. klasse: Helsesamtale med alle elevar
- 9. klasse: Undervisning psykisk helse. Temadag: ungdom og seksualitet
- Eventuelt andre tema etter skulen sine ønskje.
Oppfølging av enkeltelevar
Målretta oppfølging etter individuelle behov.
Tilvise vidare til andre samarbeidspartar t.d. fysioterapeut, psykisk helseteneste, PPT, BUP.
Barnevaksinasjonsprogrammet
- 2. klasse: Vaksine mot Difteri, stivkrampe, kikhoste, polio og Hib-infeksjon
- 6. klasse: Vaksine mot Meslingar, kusma og Raude hundar
- 7. klasse: Vaksine mot livmorhalskreft (Humant papillomavirus - HPV)
- 10. klasse: Vaksine mot Difteri, stivkrampe, kikhoste, polio og Hib-infeksjon
Tverrfagleg
- Tverrfagleg samarbeid kring miljøretta tiltak med fokus på barna sitt arbeidsmiljø.
- Tverrfagleg samarbeid kring enkeltelevar med behov.
Slik kan du treffe oss på skulane:
Sandane skule - måndag, tysdag og torsdag. Kristin Kandal Ramslien - 97 99 10 75
Breim skule - måndagar. Henny Klakegg Børset - 97 99 10 76
Nordstranda skule - måndagar. Gunhild Helle - 40 43 39 61
Hyen skule - annankvar torsdag. Gunhild Helle - 40 43 39 61
Gloppen ungdomsskule - Måndag og fredag. Britt Elin Fjellestad 97 99 10 74
Kontakt
Leiande helsesjukepleiar: Henny Klakegg Børset - telefon 97 99 10 76