Vi er stolt over å vere godkjent «Ammekyndig helsestasjon». Dette betyr at det er utarbeid ei grundig ammeprosedyre som skal sikre god oppfølging av alle barselkvinner anten dei fullammar, delammar, eller gjev morsmelkerstatning. Den skal også sikre godt samarbeid mellom svangerskapsomsorga og legetenesta.
Stega i denne prosedyra tek utgangpunkt i «mor barn vennleg standard» og WHO /UNICEF sine 10 steg for vellukka amming, og er tilpassa tilhøve i helsestasjonstenesta.
Tilsette i helsestasjonen skal systematisk oppdatere kunnskapen sin, og det har vore gjennomført spørjeundersøkingar både av gravide og barselkvinner for å evaluere om vi i praksis gjennomfører kunnskapsbasert ammeveiledning. Det er Nasjonalt kompetansesenter for amming (NKA) som rettleiar oss. Dei er no organiserte under Folkehelseinstituttet.
Vil du vite meir? Finn meir informasjon på Folkehelseinstituttet