COS P foreldrekurs
COS-P er eit foreldrerettleiingsprogram, primært for dei med barn i alderen 0-6 år. Foreldra får opplæring i Tryggleikssirkelen. Målet er å fremme trygg tilknyting mellom barn og foreldre. COS-kurs går over 8 samlingar. Tilbodet kan ein få i gruppe eller individuelt.
ICDP foreldrekurs
ICDP er eit enkelt, helsefremmande og førebyggande program som har som mål å styrke omsorga og oppveksten for barn og unge. I Gloppen tilbyr vi ICDP primært til foreldre med barn i skulealder. Programmet finst både i standardversjon, som er for norskspråklege, og ein fleirkulturell versjon. Tilbodet kan ein få i gruppe eller individuelt.
PMTO foreldrekurs
PMTO er eit tilbod til familiar med barn i alderen 4-12 år som opplever at samspelet mellom foreldre og barn har blitt vanskeleg. PMTO står for Parent Management Training – Oregon og er ein metode for å styrke foreldra sine ferdigheiter i å handtere barna si åtferd på ein positiv og effektiv måte. Tilbodet blir gitt individuelt.
Foreldrerettleiing i heimen
Tiltak der familierettleiar møter foreldre og barn i heimen og gjev rettleiing ut frå aktuell situasjon. Tilbodet blir gitt individuelt.