Førebuande opplæring for vaksne

Grunnskule for vaksne heiter no førebuande opplæring for vaksne (FOV). Dette er for deg som treng opplæring på nivået under vidaregåande nivå. 

Dersom du er over opplæringspliktig alder (over 16 år)  og ikkje har fullført grunnskule eller tilsvarande opplæring i minimum 9 år, kan du ha rett til førebuande opplæring for vaksne. 

Retten gjeld dersom du ikkje har rett til vidaregåande opplæring eller treng meir opplæring for å kunne starte på vidaregåande skule.  

Du må sjølv søkje om dette. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du har behov for, for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne.

Gå til søknad her