PP-tenesta i GloppenPPT skal hjelpe barn og elevar i alderen 0-16 år med behov for særskilt tilrettelegging i barnehage og skule. Kva gjer PP-tenesta? Pedagogisk-psykologisk utgreiing Vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehage Vurdering av behov for spesialundervisning i grunnskulen Individuell oppfølging av barn og unge Rådgjeving til foreldre/føresette Samarbeid med barnehagar og skular Deltaking i tverrfagleg samarbeid på individ- og systemnivåLes meir på nettsidene til Utdanningsdirektoratet om kva PPT gjer. Vil du ha ei rask innføring i kva spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning er, kva ord og uttrykk tyder og kva du kan forvente av hjelp?Spesialpedagogisk hjelp - til deg som er forelder (0-6 år) Spesialundervisning - til deg som er forelder (6-16 år)Korleis får vi hjelp frå PPT?For barn og unge som går i barnehage eller skule, ynskjer vi primært tilvising gjennom barnehage og skule. Helsestasjonen kan tilvise barn som ikkje har byrja i barnehage.Foreldre og elevar kan også sjølv ta kontakt med tenesta for informasjon.Kontaktinformasjon PPT Telefon: 57 88 38 00 til servicetorget som vil setje deg over til oss Besøksadresse: Grandavegen 12, 2. etasje i Grandane senter Postadresse: Gloppen kommune v/ PPT , Grandavegen 9. 6823 Sandane LovverkBarnehagelova, kapittel 6 OpplæringslovaSkjema - til barnehaganeTilvisingsskjema til PPT (DOCX, 49 kB) Pedagogisk rapport (DOCX, 40 kB) Publisert 12.01.2023 13.31 Sist endra 17.07.2024 10.40