Overgang frå barnehage til skule

Det året barnet fyller 6 år startar vi prosessen med overgang frå barnehage til skule. 

I februar sender skulane ut fysisk brev i posten til kvart enkelt barn med informasjon om innskrivingsdagen.  

Innskrivingsdagen er i løpet av veke 10 og 11 (mars) - varierer frå skule til skule. 

På innskrivingsdagen får komande 1. klassingar og foreldre møte rektor, informasjon om førskuledag og omvisning på skulen.  Agenda for innskrivinga går fram av brevet som vert sendt ut. 

SFO

Påmeldingsfristen til SFO er 1. april. Påmeldingsskjema får de frå skulen.  Meir om SFO her

Om du lurer på noko, ta kontakt med rektor på den enkelte skule