Skulehelseteneste i grunnskulen

Skulehelseteneste er ei forlenging av helsestasjonstilbodet og har som mål å fremje barn si psykiske og fysiske helse, gode sosiale og miljømessige tilhøve, samt førebygge sjukdom og skade.

Helsejukepleiar har ansvaret for skulehelsetenesta. Sjå den enkelte skule si nettside for navn og trefftider. Helsesjukepleiar kan også kontaktast pr telefon på helsestasjonen, sjå under.

Skulelegen er medisinsk ansvarleg for skulehelsetenesta, og er å treffe på Gloppen helsestasjon onsdag føremiddag.

Skulehelsetenesta gjev tilbod om

Helseundersøkingar, helseopplysning og vegleiing
Individuelt, i grupper eller klassevis.
- Førskuleundersøking.
- 3. klasse: Livsstil, kosthald, fysisk aktivitet. Vekt og lengde.
- 5. klasse: Kropp og utvikling.
- Eventuelt andre tema etter skulen sine ønskje.

Oppfølging av enkeltelevar
- Målretta oppfølging etter individuelle behov.
- Tilvise vidare til andre samarbeidspartar t.d. fysioterapeut, psykolog, PPT, BUP.

Barnevaksinasjonsprogrammet
- 2. klasse: Vaksine mot Difteri, stivkrampe, kikhoste, polio og Hib-infeksjon.
- 6. klasse: Vaksine mot Meslingar, kusma og Raude hundar.
- 7. klasse: Vaksine mot livmorhalskreft (Humant papillomavirus - HPV).
- 10. klasse: Vaksine mot Difteri, stivkrampe, kikhoste, polio og Hib-infeksjon

Tverrfagleg samarbeid kring miljøretta tiltak med fokus på barna sitt arbeidsmiljø.
Tverrfagleg samarbeid kring enkeltelevar med spesielle behov.

Kontakt

Leiande helsesjukepleiar: Gerd Heimsæter Aa - telefon 97 99 10 76

Helsesjukepleiar: Henny Klakegg Børset - telefon 97 99 10 75 og Gunnhild Helle - telefon 40 43 39 61