Kva får du informasjon om og kven får tilgang?

I Vigilo får du som føresett tilgang til ein egen føresettportal. Der kan du kommunisere med tilsette i den enkelte barnehage eller skule. Føresettportalen er meint for å sende praktiske opplysingar til og frå barnehagen eller skulen. Dette kan vere informasjon om fråvær og aktivitetar. 

Utover dette er det sjølvsagt mulig å ta direkte kontakt med barnehagen eller skulen per telefon.

Løysinga er framleis under utvikling, men følgjande informasjon vil bli tilgjengeleg:

  • Meldingar
  • Orden og åtferd (skule) 
  • Helsekort (allergiar)
  • Barnehageplass (barnehage)
  • Samtykke (skal godkjennast av registrerte føresette)

Du får berre tilgang til opplysingar om eige barn i føresettportalen. Føresette får ikkje opplysingar eller vurderingar som gjeld andre barn i barnehagen, klassekameratar eller andre elevar. Barna og elevane har ikkje behov for og skal ikkje ha tilgang til Vigilo per dags dato. 

Tilgang til føresette med foreldreansvar 

Berre føresette med foreldreansvar får tilgang til portalen. Kommunen har tatt utgangspunkt i folkeregisteret sine registreringar. Desse kan vere feil.
Er det feil opplysingar, må du kontakte folkeregisteret for å rette opp desse feila. Hovudregelen er at føresette med foreldreansvar har krav på same informasjon frå barnehagen eller skulen om sitt barn. Dersom den eine av dei føresette har foreldreansvar åleine, har den andre føresette likevel rett på informasjon. I slike tilfelle får du informasjon etter konkret førespurnad, jf. barnelova § 47, og ikkje som løpande oppdateringar. Meir informasjon om ikkje sambuande foreldre finn du her. 

Tilgang for andre nære omsorgspersoner

Ein del barn har vaksne rundt seg som ikkje har foreldreansvar etter lova sin bokstav, men som likevel er viktige omsorgspersonar og bidragsytarar i barnet si oppseding. Derfor kan det vere ønskjeleg at dei skal få tilgang til relevant informasjon i føresettportalen.
Dersom du som føresett ønskjer at nære omsorgspersonar skal ha tilgang til føresettportalen, sender du spørsmål til skulen eller barnehagen med eit slikt ønskje. Gloppen kommune innhentar då godkjenning frå begge føresette, dersom det er to, før det blir gitt tilgang til teiepliktig informasjon om barnet. Den enkelte barnehage eller skule informerer om rutinar for å hente inn slik godkjenning. 

Tilgang for personar som ikkje er definert som barnet sine nære omsorgspersonar

Personar som ikkje er definert som barnet sine nære omsorgspersonar kan ha behov for å vite om det skjer noko særskilt akkurat dei dagane når dei har omsorg for barnet. Døme på dette er når besteforeldre eller ein nabo skal passe barnet. Ta direkte kontakt med barnehagen eller skulen per telefon.

Barnet sin medråderett om kven som skal ha tilgang og innsyn 

Barnet eller eleven sin rett til personvern og sjølvråderett aukar med alderen. Fram til dei er fylt 18 år vert elevene sin rett til sjølv å avgjere kva føresette (og andre) skal få vite om skulerelaterte forhold styrka (elevvalt foreldreinnsyn). Ditt barn sin alder påverkar derfor kva du som føresett skal få innsyn i.
Rettar for barn basert på alder:

  • 7 år: Barnelova har gitt sjølvråderett til 7-åringar i saker av personleg karakter.
  • 15 år: Elevar over 15 år skal gje samtykke i mange saker som gjeld dei sjølve, men føresette har framleis rett til informasjon om barnet fordi dei har plikt til å ta vare på barnet.