Informasjon frå barnehage og skule til ikkje-sambuande foreldre
Foreldre med felles foreldreansvar har rett til same informasjon om barnet sin barnehagekvardag/skulegang og til å ta del på foreldremøter.
Er du biologisk forelder utan foreldreansvar har du rett til informasjon om barnet sin skulegong, men berre når du spør skulen direkte. Du har i utgangspunktet ikkje rett til å ta del på foreldremøte utan at den som har foreldreretten godkjenner det.
Klage
Dersom du får avslag på spørsmål om å få informasjon kan du klage. Klaga skal vere skriftleg og du må forklare kva du ynskjer å endre i vedtaket, og begrunne dette. Klaga skal du sende til skulen eller barnehagen som har gjort vedtaket om avslag. Dersom kommunen opprettheld si avgjerd om avslag vert saka sendt vidare til Statsforvaltataren i Vestland, Der blir endelig vedtak fatta.
Lover
Barnelova
Sist endra 16.05.2025 14.38