Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar paragraf 3 seier at foreldrebetalinga for eit barn i barnehage skal utgjere maksimalt 6 % av ei hushaldning si samla skatteplliktige kapital- og personinntekt.
For redusert foreldrebetaling gjeld regelen at hushaldninga ikkje skal betale over 6% av samla inntekt til barnehage. Sidan maksprisen frå 15. august 2024 er 1.500 kr, blir det 1.500x11=16.500 kr pr år.
Dvs alle med årsinntekt under 275.000 kr, har rett på redusert foreldrebetaling.
Kommunen gjev fritak for 20 timar pr veke (gratis kjernetid) til 2-, 3-, 4- og 5-åringar. Dette gjeld også for barn med utsett skulestart.
Husholdningar med samla inntekt på inntil 642.700 kr kan søkje, dette gjeld frå 15. august 2024.
Søknad
Søknadskjema for redusert foreldrebetaling Sikker pålogging (ID-porten)
Korleis søke?
Søknad må fyllast ut, og inntektene (siste tilgjengelig likning) til hushaldet skal dokumenterast/leggast ved som vedlegg til søknaden. Dersom søkjaren har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står på den førehandsutfyllte sjølvmeldinga, er ein pliktige til å opplyse om desse.
Med hushald meinar ein føresett som søkjer, samt evt ektefelle/registrerte partnar eller sambuar, uavhenging om denne er føresett til barnet.
Bur barnet like mykje hos begge foreldrene på to ulike adresser, skal foreldrebetalinga bereknast ut frå inntekta til den av foreldra der barnet er folkeregistrert.
Varighet
Ein søknad gjeld for eit barnehageår av gongen (ut juli månad).
Du må søkje på nytt kvart år. Du må søke innan 1. august for å få redusert betaling frå barnehagestart.
Vedtak
Ordning (-ane) vert sett i verk frå og med den fyrste heile månaden etter søknadstidspunktet og gjeld ut inneverande barnehageår. Vedtak vert ikkje innvilga med tilbakevirkande kraft.