Informasjon til søkjar
Redusert foreldrebetaling:
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar §3 seier at foreldrebetalinga for eit barn i barnehage skal utgjere maksimalt 6 % av ei hushaldning si samla skattepliktige kapital- og personalinntekt.
Foreldrebetalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla inntekt (med hushald meiner ein føresett som søkjer, samt ev. ektefelle/registrert partnar eller sambuar, uavhengig av om denne er føresett til barnet). Inntektene til hushaldet skal dokumenterast, og kopi av siste tilgjengelege sjølvmelding skal leggast ved. Dersom søkjarar har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står på den førehandsutfylte sjølvmeldinga er ein pliktige til å opplyse om desse.
For å kunne ha rett på denne ordninga må ein ha ei samla skattepliktig kapital- eller personinntekt lågare enn kr. 550.000,-
20 timar gratis kjernetid:
Alle 2, 3,-4 - og 5-åringar og barn med utsett skulestart frå hushald med låg inntekt har rett på 20 timar gratis opphald i barnehage per veke. Ordninga føl barnehageåret og gjeld frå den hausten då barnet har tre år att til skulestart.
For å kunne ha rett på denne ordninga må ein oppfylle desse krava samt ha ei samla skattepliktig kapital- eller personinntekt lågare enn kr. 615.590,-
Vedtak:
Ordning(-ane) vert sett i verk frå og med den fyrste heile månaden etter søknadstidspunktet og gjeld ut inneverande barnehageår (kun eit barnehageår om gongen).
Vedtak vert ikkje innvilga med tilbakeverkande kraft.
Føresette som søkjer om reduksjon må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet.