Johan (2 år) kjem ut på leikeområdet. Dei største barna i barnehagen er allereie ute og leikar tikken, så leikeområdet er fylt av glade lydar og raske steg. I sandkassa sit fleire på Johan sin alder fordjupt i graving, skuffing og å rase sandslott. Johan har vore i barnehagen i 4 veker no og begynner å bli godt kjent med dei vaksne og barna på småbarnsavdelinga, men dei store barna er fortsatt ganske ukjent for han. Han ser på dei med store auger når dei springer rundt og klatrar opp i toppen av det store klatrestativet.
Det er ein stor overgong for barn å begynne i barnehage. Nye vaksne å verte trygg på. Nye rom og omgjevnader, nye leikar og ting å forholde seg til, nye rutinar og kvardagsmønster. Og på toppen av det heile – heilt nye barn å bli kjend med.
“Hei Johan!” Den største guten i barnehagen kjem bort for å seie hei. “Vil du vere med opp i skogen? Det er fint å gå der. Eg kan holde handa di.” Johan lyser opp. Det er ein skog i barnehagen. Øvst oppe, bak alle sklier og leikeapparat går det ei trapp opp til ein liten sti i skogen. Det er ulent terreng der, så det er fint å ha ei hand å halde i for dei små.
Som tilsette i barnehagen er vi opptatt av at dei nye barna skal få ein god start i barnehagen. Vi har samtalar med foreldra, besøksdagar der dei nye borna får komme på besøk, også sørger vi for at barna får ein primærkontakt som kan ha ekstra fokus på barnets trivsel og trygghet i starten. På småbarnsavdelinga prøver vi også å skjerme dei minste i starten for at det ikkje skal bli for overveldande for dei med mange inntrykk og nye fjes. Det er derfor ikkje vanleg at dei minste er så mykje saman med dei største barna i barnehagen. Men går dei då glipp av ei hjelpande hand?
Vi er ein liten barnehage med to avdelingar, men vi delar både garderobe og uteområde, så det er ikkje til å unngå at små og store barn ser og møter kvarandre gjennom dagen. Og på samme måte som Johan er nysgjerrig på dei største barna, er dei store barna også nysgjerrig på dei minste. Det går knapt ein dag utan at dei store barna blir “distrahert” i det dei skulle gjere i garderoben og berre MÅ bort til ein av dei små og gje ein klem før dei kan fortsette med det dei skulle. Eller var nettopp denne “distraksjonen” noko av det viktigaste dei gjorde i dag?
Vi kallar det prososial atferd. Det er positive sosiale haldningar og handlingar som å hjelpe, oppmuntre, dele med andre, anerkjenne, inkludere, og vise omsorg for andre. Eigenskapar som vi ønskjer å sjå i barna våre, men som ofte kan vere vanskeleg å “trylle fram”. Gjennom samtale med dei eldste barna i barnehagen kan vi hjelpe dei å reflektere rundt si eiga rolle og ikkje berre ha fokus på kva dei klarar å gjere sjølv - men også korleis dei kan vere til hjelp for andre. Dei barna som er raskast å kle på seg i garderoben treng ikkje alltid å stå og vente på at dei vaksne skal hjelpe dei andre barna å bli ferdig. Dei kan gå og hjelpe ein 3-åring sjølv og kjenne meistring og glede i det.
Barnehagen er ein viktig arena for sosial læring og vi ønskjer alltid å legge til rette for at barna skal lære prososial atferd. Det handlar ikkje berre om at vi ønskjer snillare barn, men om at vi har eit samfunnsansvar, og at ei enkel positiv handling kan gje ringvirkningar når barna oppdagar kva effekt handlingane deira fører til, både på individuelt og samfunnsmessig plan.
Vi som jobbar med barna som skal lære dette kan nok synes at fleirtalet av dagane kjennes tungtrådde, men så kjem plutselig dei dagane der ingen vaksne har lagt til rette for nokon ting, og barna likevel velger å inkludere, hjelpe og vise omsorg for ein annan. Og så innser vi at det ikkje er nokon andre enn dei eldste barna som kan gje vesle Johan den samme grada av anerkjenning og å kjenne seg inkludert.
“Kom Johan! Og så kan Helene ta den andre handa di.” Plutseleg er det to 5-åringar der. Klar for å guide vesle Johan gjennom skogen. Johan har no to store barn å støtte seg på. To store barn som kjenner skogen betre enn nokon andre. Og når han går opp mot skogen ser vi at han smiler frå øyre til øyre.
Hyen barnehage