Veka starta med at førskulegruppa vart invitert til brannstasjonen og politistasjonen på Sandane. På brannstasjonen fekk dei prøve å spyle med brannslange, lage vassvegg, vere med på slangevask og bli redda frå krokodiller. På politistasjonen møtte dei ein “tjuv” som vart tatt til fange og sett i fengsel. Borna fekk vere med å leite etter fingeravtrykk og setje handjarn på tjuven – noko som var både spennande og lærerikt.
Førskulegruppa på besøk til brannstasjonen på Sandane
Anne-Elise Moritsgård
Dagen etter fekk vi besøk i barnehagen av det lokale brannvesenet. Det er fleire av foreldra i barnehagen som jobbar som brannkonstablar i Hyen, og denne gongen var det to fedre som kom på besøk. Heile barnehagen fekk vere med å sjå brannbilane på nært hald, høyre sirenene og sitte på i brannbilen. Dette var eit høgdepunkt for mange, og Brannbamsen Bjørnis var sjølvsagt med.
Hyen brannvesen på besøk til barnehagen
Maryna Reva
I barnehagen har vi hatt fokus på tema gjennom samtalar, biletbøker og aktivitetar. Dagane har også vore fylt med livleg rolleleik med brannkonstablar, utrykking, brannsløkking og redningsaksjonar – ein viktig del av barn sin måte å forstå og lære på. Her har barna fått bearbeidd inntrykk og fått ei tydelegare forståing av kva branntryggleik handlar om.
Brannbamsen Bjørnis er ein populær figur for barna. I barnehagen har vi ein eigen Bjørnis-bamse som får bli med barna heim på besøk, og som minner familien om å sjekke at dei har fungerande røykvarslarar og brannsløkkingsapparat i huset.
Brannøving har vi også hatt der barna fekk øve på å gå raskt og roleg ut når brannalarmen går. Øvinga blei gjennomført i trygge og kjende omgjevnader, og barna tok oppgåva på største alvor. Det var både spennande og lærerikt! Vår erfaring er at barna vert tryggare av å gjennomføre brannøving.
Arbeidet med brannvern denne veka er godt forankra i Rammeplanen for barnehagen, som understrekar barnehagen sitt ansvar for å gi barna livsmeistring og innsikt i grunnleggjande samfunnstilhøve. Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal borna få høve til å bli kjend med ulike institusjonar og yrker i samfunnet.
Anne-Elise Moritsgård
Brannvernveka har gitt barna både kunnskap, meistring og minnerike opplevingar. Vi takkar for eit godt samarbeid med brannvesenet – både lokalt her i Hyen og på Sandane. Borna har fått møte engasjerte og dyktige brann- og politikonstablar, og gjennom førstehandserfaringar fått innsikt i korleis viktige samfunnsinstitusjonar som brannvern og politiarbeid fungerar.