Førjulstid med kjekke aktivitetar

Onsdag 3.desember er det Grautfest i gymsalen i barnehagen. Foreldre, søsken og besteforeldre er invitert. Torsdag 11. desember er det Nissefest for storbarnsavdelingane på Fløtra, og småbarnsavdelingane har fest i barnehagen. Vi har god tru på at nissen dukkar opp! Følg med på månadsplan. Her er planar om både barna sitt julebord, Luciatog og mykje anna kjekk førjulsaktivitet. Fredag 19.desember går barnehagen i kyrkja, saman med Breim skule. Informasjon om samarbeid mellom avdelingar i romjula, samt tilpassa opningstid kjem ut via Vigilo så snart den er klar.  Ynskjer alle ei kjekk førjulstid!

Byrkjelo ein vinterdag Anette Støyva