Gloppen ungdomsråd (GUR)

Ungdomsrådet består av ungdomar i alderen 13-19 år. Dei er valt av kommunestyret, etter forslag frå elevråda ved ungdomsskulane og Firda VGS. Organisasjonar for ungdom kan også føreslå medlemmar til rådet, 4H har hatt ein representant i GUR sidan 2020. 

GUR har møte minst 6 gongar i skuleåret, som regel på fredagar kl. 14.15-17.00.

Reglementet for GUR   Årsmeldinga til GUR for skuleåret 2021/2022  Møtebøker

Ungdomsrådet gir råd i politiske saker som er viktig for ungdom. Alle ungdomar i Gloppen kan ta opp saker dei er opptatt av med dei som sit i ungdomsrådet. Ungdomsrådet kan kome med forslag og stille spørsmål til kommunestyret. Meir om kva eit ungdomsråd er, kan du lese her.

GUR har sidan 2021 jobba mykje med eit prosjekt for auka ungdomsengasjement i Gloppen.

Dette er GUR 2022/2023:

Gloppen ungdomsråd 2023/2024
Representerer Valde medlemmar Vara
4H Nicolai A. Sandnes
Firda vgs Malene Henden Fridtun Ina Marie Bakke Halvorsen
Torgrim Stegane Nikolai Stave
Ida Sandven Kjesbu Joakim Tenold Ølnes
Gloppen ungdomsskule Hjalmar Lothe Selma Hugvik
Abdinasir Masian Abdi David Skjerdal
Maija Holden Olsen Emil Ganc-Petersen
Hyen ungdomsskule Olai Eikenes Osland Ingvar Ommedal Aa
Marte Ommedal Viktoriia Nosal

Ta kontakt

Ta gjerne kontakt om du vil ta opp ei sak, eller har spørsmål om ungdomsrådet. Du kan ta kontakt med kven som helst i rådet, til dømes nokon frå skulen din eller leiaren: Nicolai A. Sandnes, e-post nicolai@nicsangaming.com, mobil 40 09 55 28

Sekretær for ungdomsrådet er Åslaug Haugset.
e-post: aslaug.haugset@gloppen.kommune.no , mobil 91 00 61 82