Reglement for Gloppen ungdomsråd

Vedteke av: Gloppen kommunestyre

Dato: 22. september 2021

Sak: 55/21

1. Føremål

Ungdomsrådet skal fremje barn og unge sine interesser, og tale deira sak i Gloppen kommune.

2. Oppgåver

  1. Ungdomsrådet kan ta opp saker som gjeld ungdom i Gloppen, og uttale seg på vegne av ungdom i politiske saker.
  2. Ungdomsrådet bør ha god kontakt med ungdomsmiljøa ved skulane og i kommunen elles, slik at ungdom kan ta opp saker gjennom rådet.
  3. Ungdomsrådet kan tildele midlar til tiltak for barn og unge.
  4. Ungdomsrådet skal vedta ei årsmelding kvart år, som skal leggast fram for kommunestyret.

3. Val av ungdomsråd

  1. Kommunestyret vel ungdomsrådet, etter forslag frå elevråd og frivillege organisasjonar for ungdom i Gloppen. 
  2. Ungdomsrådet kan ha 8-10 medlemmar. Medlemmane kan ikkje ha fylt 19 år når dei blir valde. 
  3. Medlemmane blir valde for 2 år, med val på om lag halve rådet kvart år. Dei som går i 10. trinn og på VG3 blir valde for 1 år.
  4. Valperioden føl skuleåret, og elevråda skal velje nye representantar innan 15. september kvart år. 
  5. Rådet skal, så langt som råd, vere samansett slik:
    •  2 faste medlemmar og 2 vara frå ungdomsskulen i Hyen
    •  3 faste medlemmar og 2 vara frå Gloppen ungdomsskule 
    •  3 faste medlemmar og 2 vara frå Firda VGS 
    •  Frivillege organisasjonar for ungdom, og ungdom som ikkje går på skule i Gloppen kan vere representert i ungdomsrådet.
  6. Om eit medlem flyttar vekk frå Gloppen i valperioden, går han eller ho ut av ungdomsrådet, og vara går inn. 
  7. Det er høve til å søke om fritak frå vervet, ved sjukdom eller andre årsaker som gjer at ein ikkje kan fortsetje i ungdomsrådet. 
  8. Ungdomsrådet konstituerer seg sjølv, og skal ha leiar og nestleiar. 
  9. Leiar og nestleiar er utsendingar til fylkesting for ungdom. 
  10. Ungdomsrådet skal få nødvendig opplæring tidleg i valperioden. 

4. Møte- og talerett

  1. Representant frå ungdomsrådet har talerett i kommunestyret. Om representanten ønskjer ordet i saker som vedkjem ungdomsrådet, skal dette meldast til ordføraren før møtet startar. Rådet avgjer sjølv kven som taler i kommunestyret.
  2. Ordførar og kommunedirektøren har talerett i ungdomsrådet. Om dei ønskjer ordet, skal dette meldast til leiar i rådet før møtet startar.
  3. Ungdomsrådet kan invitere den dei vil til møtet, for å opplyse eller drøfte ei sak.
  4. Ungdomsrådet skal ha ein fast kontaktperson i kommunestyret som dei kan invitere på møte når dei ønsker det, og som kan bidra til tettare kontakt mellom ungdomsråd og kommunestyre. 

5. Møter og avstemmingar

  1. Ungdomsrådet skal følgje den politiske møtekalenderen, og ha møte om lag på same tid som eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Møta skal varslast i god tid.
  2. Ungdomsrådet kan setje opp ekstra møte ved behov.
  3. Ungdomsrådet skal ha minst 6 møter i året.
  4. Leiar i ungdomsrådet skal leie møte, ved forfall skal nestleiar lede møte.
  5. Vara har møterett til alle møter i ungdomsrådet, men møteplikt berre når dei er kalla inn. Ungdomsrådet kan gi vara talerett i møter der vara ber om det. Vara har ikkje stemmerett i møte utan når dei er kalla inn.
  6. Ungdomsrådet kan gjere vedtak når minst halvparten av medlemmane er til stades.
  7. Ved stemmelikhet skal leiar ha dobbeltstemme. Dette gjeld ikkje ved personval, som skal gjerast skriftleg når det er fleire enn ein kandidat.
  8. Er eit medlem ugild i ei sak, skal han eller ho melde i frå om dette før saka blir behandla. 

6. Møtegodtgjersle og dekking av utgifter

  1. Ungdomsrådet har rett til å få dekka reiseutgifter i samband med møta.
  2. Ungdomsrådet har rett på møtegodtgjersle tilsvarande ¼ av den variable møtegodtgjersla.
  3. Mat på møta og enkle sosiale tiltak knytt til opplæring og nettverksbygging skal vere å sjå på som ein del av møtegodtgjersla til ungdomsrådet.
  4. Ungdomsrådet sine utsendingar til fylkesting for ungdom skal få dekka utgifter knytt til dette.
  5. Rekneskapen til ungdomsrådet skal førast som ein del av kommunen sitt rekneskap. 

7. Sekretær og tilrettelegging

  1. Ungdomsrådet skal ha ein sekretær som er tilsett i Gloppen kommune. Sekretæren skal:
    • Vere kontaktperson mellom rådet, kommunedirektøren og politikarar ved behov. 
    • Informere om saker som kan vere av interesse 
    • Kalle inn til møte og lage møtebok
    • Ha ansvar for val av rådet.  
  2. Sakliste skal sendast ut minst fire dagar før møtet. 
  3. Saker til ungdomsrådet skal leggjast fram på ein måte som er forståeleg for ungdom, dette gjeld både skriftleg og munnleg. Lange skriftlege saker kan kortast ned for behandling i ungdomsrådet. Då skal det stå i saka at dette er gjort, og kvar ungdomsrådet kan finne heile saka.