Lokal transportplan og trafikktryggingsplan (under arbeid)

Gloppen kommune er i gang med å utarbeide Lokal transportplan, som skal erstatte gjeldande "Plan for veg og trafikktrygging".

Lokal transportplan blir utarbeidd som ein tematisk kommunedelplan, med tilhøyrande handlingsplan. Trafikktrygging vil vere ein viktig del av planen. 

I planprogrammet, som vart godkjent i kommunestyret i september 2025, står det at den nye planen skal:

  • omtale alle delar av samferdsle, mobilitet og transport i og ut av kommunen og danne grunnlag for kommunens politikk for grøn omstilling
  • følgje opp strategiar i kommuneplanen
  • følgje opp nasjonale og regionale føringar i nasjonal transportplan (NTP) og regional transportplan (RTP), og vere grunnlag for kommunen sine innspel til NTP og RTP
  • utarbeide mål for det kommunale vegnettet, og legge grunnlag for målretta ressursinnsats innan drift, vedlikehald og forsterking av det kommunale vegnettet
  • oppdatere oversikt for små og store trafikktryggingstiltak.

Planforslaget er no under arbeid, og skal leggast på høyring hausten 2026. 

Har du innspel til Lokal transportplan?

Meir informasjon