Fram til 30. april er det høve til å kome med kommentarar og innspel til planen. Både organisasjonar og privatpersonar kan gi høyringssvar. (Høyringssvar er offentlege dokument.)
Oppvekstplanen handlar om korleis vi kan legge til rette for ein god oppvekst i Gloppen. Dette er eit samspel mellom kommune, heimane, det frivillege, lokalsamfunn/nabolag og den enkelte. For å få kommentarar på heile breidda i planen, har vi laga nokre høyringsspørsmål. Du vel sjølv kva spørsmål du vil svare på.
Send inn svar på høyringsspørsmål her
I løpet av dei kommande vekene blir det invitert til høyringsmøte med informasjon, høve til å stille spørsmål og samtale om innhaldet i planen. Planen bygger også på innspel frå dei møta vi inviterte til førre skuleår, og frå barn og unge gjennom elevråd, ungdomsråd og skuleopplegg. Vi er no på oppløpssida, og kommunestyret skal behandle planen før sommarferien.
Gå til Oppvekstplanen som ligg til høyring her
Har du øvrige spørsmål?
Ta kontakt med oppvekstsjef Per Arne Strand
Epost: per.arne.strand@gloppen.kommune.no