Høyringsfristen er 21. august 2026.
Forslag til detaljregulering for fjordfronten Sandane sentrum med planID: 202104 vart handsama i samfunnsutvalet den 29.04.2026.
SAMF-027/26 Vedtak:
Samfunnsutvalet vedtek med heimel i Plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 å legge forslag til detaljregulering for fjordfronten Sandane sentrum ut til 2. gongs høyring og offentleg ettersyn, på vilkår om at følgjande vert innarbeidd:
- For SF, BFK1, BFK2 vert kravet om bygging av to etasjar vidareført frå områdereguleringsplanen. Som eit minimum må bygningane tole framtidig påbygging.
- Kravet om at 3. og 4. etasje skal nyttast til bustad vert vidareført frå områdeplanen, gjeld eitt eller fleire delområde men ikkje F/K.
- Plankonsulenten innarbeider framlegg til konkrete krav til visuelle kvalitetar og utforming, her under bygningsvolum, takform, farge, materialbruk o.l.
- Fjerne § 3.6 i føresegnene: Minimum 20% av parkeringsplassene skal ha ladepunkt for elbil.
- Fjerne § 4.6 i føresegnene: I hjørnet mot Heradsplassen skal det være inngangsparti.
Kommunen aksepterer på vilkår parallell behandling av planforslag og byggesak for nytt Coop bygg jf. pbl. § 12-15, og at høyringsperioden vert nytta som nabovarsel.
- Vilkår: Fjernverknad og landskapsverknad skal dokumenterast gjennom illustrasjonar frå relevante standpunkt, med særleg vekt på korleis området framstår dersom berre F/K vert bygd i første fase.
I høyringsperioden skal kommunen halde eit ope informasjonsmøte for alle som vert direkte eller indirekte påverka av planforslaget.
Administrasjonen får høve til å gjere redaksjonelle endringar i plandokumenta før dei vert sendt på høyring, og det vert teke atterhald om at kommunen kan kome med krav om justeringar i høyringsperioden.
Offentleg ettersyn og parallell behandling av plan- og byggesak
Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, grunneigarar, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.
Samtidig varslast parallell behandling av plan og byggesak, jf. plan- og bygningslova (pbl) §§ 1-7 og 12-15 for delar av planområdet. Parallell behandling avgrensast til bygging innanfor F/K og tilhøyrande rekkefølgjekrav.
Høyringa erstattar nabovarsel etter pbl. § 21-3 for tiltaket. Det vil vere krav om ordinært nabovarsel ved utbygging av dei andre delområda.
Planforslaget
Planforslaget skal legge til rette for sentrumsutvikling i delar av Sandane sentrum, av dette arealdisponering for bustad, næring, forretning, kontor, parkering, skatepark og park/generasjonsmøteplass. Planen skal og etablere eit nytt trafikkmønster ved etablering av ny kollektivterminal. Det er vektlagt at sentrumsområdet skal kunne utviklast trinnvis.
Planforslaget er utarbeidd av Kibsgaard-Petersen AS på vegne av FICO AS.
Dei største endringane som er gjort frå planforslaget som låg til 1. gongs høyring og offentleg ettersyn i 2024 er:
- Planområdet er vesentleg redusert, i hovudsak ved at alt sjøareal er teke ut av planen. På land er arealet mellom Firdatun og opparbeidd parkområde ved sjøen også teke ut av planområdet. Det opnast ikkje lenger for utfylling/bygging i sjø.
- Utbyggingsarealet i nord er endra frå sentrumsformål (SF2) til forretning/kontor (F/K), og det er ikkje lenger mogleg å byggje bustadar innanfor området. Det er berre tillate å bygge ein etasje innanfor delområdet.
- Krav til parkeringskjellar og tilrettelegging for minimum to etasjar over bakken for F/K er fjerna, og erstatta med krav om maksimalt ein etasje.
- Skateparken er oppretthalden der den ligg i dag (o_LEK1) og tomt for utbygging (F/K) er redusert tilsvarande.
- Det opnast for bustadbygging innanfor utbyggingsareala i aust, og formål er endra frå forretning/kontor (F/K1-2) til kombinertformål forretning/kontor/bustad i tråd med overordna plan.
- Det er utarbeidd støyrapport som har ført til at støysone er innarbeidd i plankartet, med tilhøyrande føresegner.
Saksutgreiing, plandokument og alle vedlegg finn du her under "Planbehandlinger:
Høyringssak 26/1933 - Detaljregulering for fjordfronten Sandane sentrum - 2. gongs behandling
Invitasjon til ope informasjonsmøte
Gloppen kommune inviterer til ope informasjonsmøte med orientering om planforslaget. Det vert høve til å stille spørsmål eller halde korte innlegg, men det vert ikkje opna for debatt. Eventuelle innspel til planforslaget må sendast inn skriftleg.
Stad: Kommunestyresalen på Heradshuset - Grandavegen 9, 6823 Sandane
Dato: tysdag 16. juni
Tid: 18:00-19:30
Merknader til planforslaget
Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget eller merknad til tiltaket, til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar.
Uttale skal merkast med «26/1933», og kan sendast via e-skjemaet:
Skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)
Alternativ til elektronisk skjema:
Bruk «eDialog» Sikker digital post, send e-post til: postmottak@gloppen.kommune.no , eller post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.
Vidare planprosess
Når høyringsfristen er ute, vil kommunedirektøren samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før planforslaget vert lagt fram for sluttbehandling og vedtak. Berørte naboar og grunneigarar vil få tilsendt kunngjering etter vedtak.
Avgjersle av plansaka og byggesaka vil fattast i eigne vedtak, og formelt må planen vedtakast før det kan gjevast byggjeløyve.
Frist for å kome med uttale er sett til 21.08.2026.
Har du spørsmål?
Spørsmål kan rettast til sakshandsamar, Eirin Victoria Myklebust
E-post: eirin.myklebust@gloppen.kommune.no
Tlf: 900 38 385