Retningslinjer for følgjekort til funksjonshemma i Gloppen

Vedteke av: Kommunestyret

Dato: 27. september 2004

Sak: 

1. Formål

Ordninga med følgjekort skal vere eit verkemiddel for å førebyggje isolasjon og dermed medverke til auka livskvalitet for den funksjonshemma. Ordninga med følgjekort vil omfatte personar som har ei funksjonshemming som vil vare minst 2-3 år. Ordninga er vedteken av kommunestyret i Gloppen og blir administrert av kommunedirektøren*, men er gyldig for heile landet på dei stadene som aksepterer ordninga.
* servicetorget.

2. Funksjonshemming

Med funksjonshemming er meint at det er eit mishøve mellom individet sine føresetnader og krav frå miljøet og samfunnet si side til funksjon på område som er vesentlege for å etablere og halde ved lag eit sjølvstendig og sosialt tilvere. 

3. Følgje

Følgje er den som til ei kvar tid er med den funksjonshemma for at denne skal kunne oppnå målet med ordninga. 

4. Følgjekort

Eit følgjekort er eit dokument i form av eit kort som blir skrive ut til den funksjonshemma. Følgjekortet skal gje den funksjonshemma sitt følgje fri tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmiddel som den funksjonshemma ikkje kunne ha delteke i eller nytta utan følgje. Følgjekortet blir skrive ut gratis av den kommunen søkjaren bur i, og nedre aldersgrense for søkjarar er normalt 8 år. 

5. Søknad

Den funksjonshemma søker Gloppen kommune på fastsett skjema om følgjekort. Søknaden skal innehalde passfoto. Ved behov kan det innhentast uttale frå helse- og/eller sosialtenesta om at søkjaren treng følgje. 

6. Periode

Kommunedirektøren* vurderer kor lenge kortet skal vare når det blir skrive ut, perioden kan vere tidsavgrensa eller varig. Det skal stå på kortet kor lenge det varer.
* servicetorget.

7. Bruksområde

Følgjekortet gjev tilgang til dei aktivitetar, bygningar og transportmiddel m m som aksepterer ordninga. Det offentleg fastsette symbolet bør setjast opp på stader som aksepterer ordninga. Ordninga er landsdekkjande og kan brukast over kommune- og fylkesgrensene.

8. Klage

Vedtak om å innvilge eller avslå søknad om følgjekort er eit enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Formannskapet er klageorgan.