Gebyr for saksbehandling og kontroll av mindre avløpsanlegg

Prisane gjeld frå 1. januar 2024. 

Det skal betalast eit eingongsgebyr ved søknad om utsleppsløyve, og ved søknad om endring av utsleppsløyve. Gjeld både ved oppføring av nye bustadar/bygg og dersom det vert stilt krav ved eksisterande bygg. Sakshandsamingsgebyret skal betalast også ved eit eventuelt avslag på søknaden. 

Saksbehandling og kontroll - mindre avløpsanlegg
Sakshandsamingsgebyr for Pris (ikkje mva pliktig)
Anlegg mindre enn 15 PE 3 000,-
Anlegg frå 16 til 50 PE 6 000,-
Anlegg over 50 PE Medgått tid

 PE = PersonEkvivalent, betyr forbruket til ein person på eitt år.

Tilsyn av mindre avløpsanlegg

Det skal betalast eit årleg tilsynsgebyr for alle avløpsanlegg som er omfatta av forskrifta. Eigedomar med fleire avløpsanlegg skal betale eit gebyr for kvart av anlegga. 

Årleg tilsyn Avløp
Gebyr Pris pr år
Tilsynsgebyr pr anlegg 595,-

Kommunal forskrift

Heimelen for å krevje gebyr er beskreve i kommunal forskrift om gebyr for tilsyn med spreidde avløp og gebyr for behandling av utselppsløyve  

Gebyrregulativet vart sist vedteke av kommunestyret den 18. desember 2023.