Kommuneambassadørar

I Gloppen har vi tre superpositive kommuneambassadørar.  Det kan vere lurt å ta ein prat med ein av dei dersom du vurderer å flytte til Gloppen. 

Har du spørsmål om jobbmuligheter sett opp mot di utdanning/kompetanse er det rett å starte med å spørre ein kommuneambassadør! Dei kjenner til kva kommunale stillingar som finnast, og kjenner også til private bedrifter i kommunen som kanskje kan vere ein framtidig arbeidsplass.

Ambassadørane har god kjennskap til kommunen. Dei veit mykje om dei kommunale tenestene, til dømes barnehage, skule, helse- og omsorgstenester.

I tillegg til dette, kan du også stille spørsmål om kultur- og fritidsaktivitetar og kva som rører seg av muligheter og tilbod i Gloppen. 

Kommuneambassadørane skal hjelpe deg å navigere deg fram og gje deg svar på ulike spørsmål som måtte dukke opp på din veg - ikkje nøl med å ta kontakt!

 

Dette er ambassadørane våre

Knut Roger Nesdal

Kommuneambassadør 
og næringssjef
 

E-post til Knut

Telefon: 48 04 08 25

Anita Lothe

Kommuneambassadør 
og sakshandsamar helse og velferd

E-post til Anita

Telefon: 91 16 85 63

Grete Aa Sandal

Kommuneambassadør 
og rådgjevar oppvekst
 

E-post til Grete

Telefon: 41 30 95 39