Dette er eit frivilleg tiltak som gjev barnet gode og stabile opplevingar, samstundes som det gjev foreldre eit pusterom.
Kven kan bli besøksheim?
Der er ingen formelle krav til å bli besøksheim. Det viktige er at du har
• ønske om å gjere ein forskjell for eit barne eller ein ungdom
• ein trygg og stabil livssituasjon
• tid, overskot og plass i heimen
Både einslege og par, med eller utan eigne barn, kan bli besøksheim.
Kva inneber oppdraget?
Kor ofte og kor lenge barnet er på besøk vert tilpassa det enkelte barnet. Mykje av tida går til heilt vanlege kvardagsaktivitetar:
• å ete middag saman
• leik, turar og leksehjelp
• å vere ein trygg vaksen som er tiltstades
Du vil få oppfølging frå barnevernstenesta og du vil få godtgjering og utgiftsdekning etter kommunen sine gjeldande satsar.
Vil du vite meir?
Har du spørsmål eller ønsker du å melde di interesse? Ta uforpliktande kontakt med oss i dag!
• Send mail til Eline Fløtre: eline.flotre@gloppen.kommune.no
• Ring til Eline Fløtre: 94057054