Velkomen til skogkveld med ungskogpleie 13. oktober

Skogselskapet i Sogn og Fjordane og skogeigarlaget i Ytre Nordfjord arrangerer skogkveld med tema ungskogpleie.

Vi skal sjå på eit skogareal der det vart rydda  lauv i sommar og snakke om viktigheita av å utføre ungskogpleie. Har du lyst til å sjå og høyre om korleis og kvifor du skal gjere ungskogpleie i skogen din, møt opp! 

Tid: Måndag 13. oktober kl 17-19
Stad: Naustdal - sjå kart 
Parker ved Bjørhovdevegen 5 og så går vi vestover på traktorvegen og inn i ungskogpleiefeltet. 

Vel møtt!