Varsel om ekstremveret Jakob

Det er venta store nedbørsmengder over Vestland frå natt til torsdag 31. oktober.  Meteorologisk institutt (MET) og NVE har for Gloppen sin del meldt raudt farevarsel for både flaum og skred. 

Grunnen til dette er ekstremveret Jakob som vil bringe med seg vind og ekstremt mykje regn natt til torsdag og i løpet av torsdag. Det blir stor vassføring, og bratte skråningar, samt bekkar og mellomstore elveløp med stor vannføring er spesielt utsett.  

Dette er ein ekstrem situasjon som kan føre til mange skredhendingar. 

Hald deg oppdatert: 

Varsel om nedbørsmengder samt jord- og flaumskredfare- oppdatert oversikt på  Varsom.no  

Oppdatert oversikt over eventuelle stengde vegar: 175.no

Beredskapsleiinga i Gloppen har vore samla og gjort vurderingar for torsdag 31. oktober: 

Vårt mannskap i alle einingar er informert, og er budd på at hendingar kan oppstå.

Skule/barnehage

Hyen barnehage: held stengt 

Hyen skule: held stengt

Øvrige barnehagar og skular er opne, men elevar busett i Kandalen, Myklebustdalen og Årdalen held seg heime.  Alle andre elevar møter på skule som normalt. 

Heimetenesta

Leiarane må vurdere om det er strengt naudsynt å gje tenester i heimen i områder med skredfarleg vegtilkomst

Legevakt

Legevakta vurderer fare for liv og helse og behov for å rykke ut. Lege på vakt forheld seg ellers til om vegen blir stengt av fylkeskommunen eller ikkje.

Veg

Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune vurderer stenging av riks- og fylkeskommunale vegar fortløpande.