Vaksinering mot influensa og koronavirus

Det nærmar seg haust og her kjem kort statusinformasjon om vaksinering. 

Vi tenkjer å vaksinere for influensa og covid-19 på same tid på same måte som tidlegare. 

Sein levering

På grunn av produksjonsproblem er influensavaksinene i år forsinka. Med det vi veit no får vi ikkje levert vaksiner før i veke 46 ( 9-15. nov)

Vaksinering vil difor ikkje bli tilbydd før i midten av november. 

Vi kjem tilbake med meir detaljert informasjon om vaksinasjonsdatoar når vi veit meir. 

Vaksenvaksinasjonsprogrammet

I sesongen 2026/2027 omfatter programmet desse vaksinene: 

  • Årleg vaksine mot sesonginfluensa til personar som har fylt eller fyller 65 år i løpet av året og yngre risikogrupper.  
  • Årleg vaksine mot covid-19 til personar som har fylt eller fyller 65 år i løpet av året og yngre risikogrupper. FHIs anbefaling om oppfriskningsdose gjeld dei som er 75 år og eldre samt barn og voksne i risikogrupper, men alle mellom 65-74 år kan likevel få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet hvis de sjølv ønsker det. 
  • Vaksine mot pneumokokk til personar som fyller 65 år i løpet av året.  

Lungebetennelse

For vaksine mot lungebetennelse/pneumokokksjukdom -  bestill time hos fastlegen din.

Sjå info hos FHI