Oppmøtestad:
Legesenteret på Grandane. Ingen timebestilling - Berre møt opp.
Vaksinasjonsdatoar:
- Laurdag 18. oktober - Kl 10.00 - 14.00
- Torsdag 23. oktober - Kl 17.00 - 20.00
- Torsdag 6. november - Kl 17.00 - 20.00
Praktisk informasjon
Det er mange som vil ta vaksine, og det vert ofte kø. Det vert ikkje timebestilling, men vi oppfordrar dei som har problemer med å stå lenge i kø om å kome den fyrste timen etter at vi opnar. Dei vil verte prioriterte fram i eventuell kø:
- Lørdag 18/10 klokka 10-11
- Torsdag 23/10 kl 17.
- Torsdag 6/11 kl 17.
Vi oppfordrar alle til å sleppe fram dei som er skrøpelege i køen.
Ta på deg klede som er lette å ta av. Gjerne ei kortarma skjorte og ei jakke utanpå som er lett å ta av. Du må pårekne å vente 20 minutt etter at du har teke vaksina.
Betaling
Influensavaksine 300 kr
Covidvaksine 110 kr
Dersom du tek begge på ein gong kostar det 385 kr
Vi nyttar ikkje betalingsterminalen under vaksinering.
Det vert sendt ut SMS til telefonen din etter vaksineringa. Følg anvisningane på denne- her får du val om å betale med kort, via Vipps eller få faktura. Du har 48 timar på deg til å betale denne. Dersom du ikkje får betalt innanfor fristen får du tilsendt faktura.
Obs! dersom du nyttar digipost kan fakturaen din kome dit først. Det er ikkje fakturagebyr på vaksinering sjølv om det står det i meldinga du får, men det kan tilkome gebyr om du har digipost og du ikkje betalar den.
Vaksenvaksinasjonsprogrammet
Dette er eit tilbod til befolkninga i landet om vaksine mot korona og influensa til alle som er 65 år og eldre, samt barn og voksne i risikogrupper. I tillegg får 65-åringar tilbod om vaksine mot pneumkokksjukdom. Sjå info hos FHI
Heilt til slutt
For vaksine mot lungebetennelse/pneumokokksjukdom - bestill time hjå fastlegen.
For risikogrupper sjå Fhi.no
