Vaksinering - Influensa og Korona

Vaksinering mot influensa- og koronavirus for personar i risikogrupper.

I år kan ein få begge vaksinene på same tid- med eitt stikk i kvar arm. 

Vaksinasjondatoar

Laurdag 19. oktober kl 11 -15

Torsdag 24. oktober kl 17 - 20

Torsdag 14. november kl 17-20

Oppmøtestad: Legesenteret, Grandane

NB! Ingen timebestilling. - berre møt opp. 

Pris

Koronavaksine er gratis
Influensavaksine kostar 300 kr. Vert fakturert, gebyrfritt.  Vi tek ikkje kontant betaling

Risikogrupper for både influensa og korona

For influensavaksine gjeld også

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse-og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie. 
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) alvorleg immunsupprimerte 
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande gris 
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med sentralbordet i Gloppen kommune tlf: 57 88 38 00